Symjeopplæring – foreldra sitt ansvar?

Varmebassenget på Husnestunet
Varmebassenget på Husnestunet

Symjeopplæringa i landet har fått skjerpa krava sine frå Utdanningsdirektoratet. Ei av årsakene til dette er at omlag 50% av norske tiåringar ikkje greier kompetansemåla som er sett for 4.klassingar. Korleis den statistikken er for Kvinnherad har eg ikkje tal på, men etter mi fartstid i bassenget på Husnes kan eg med sikkerheit sei at det ikkje kan være langt unna. Eg veit om tiåringar som ikkje kan symje i det heile, for ikkje å snakke om vaksne med samme utfordringa. I Grenda 04.juni meinar Marit Tarlebø, ansvarleg for symjeopplæringa i Kvinnherad kommune, at sidan kommunen ikkje klarar å nå krava så må foreldra ta ansvar. På lik linje som når borna treng hjelp med lesing. Å samanlikne hjelp til å lære å lese med symjeopplæring gjer at eg tvilar på at Tarlebø er rette personen til å ha det ansvaret ho har!

Og det er det to grunnar til. Den fyrste går på det økonomiske. Det er diverre ikkje slik at alle foreldre i kommunen har råd til å ta borna sine med på offentleg symjing. Og hadde dei hatt det, hadde det vore sprengt kapasitet. Ein kan nytta fine sommardagar til å lære borna å symje, vert det hevda. 04.juni 2015 har enno tilgode å ha ein såkalla “fin sommardag”. Eg vil ikkje anbefale nokon å prøve seg på å ha symjeopplæring i sjøen no, vertfall.
Den andre grunnen går på sjølve opplæringa. Hadde ein testa foreldra til samtlege skuleelevar på symjedugleik og evne til å lære ifrå seg symjekunnskap, ville ein nok sett at ein god del born kjem dårleg ut der óg. For det er ikkje automatisk slik at ein kan symje berre fordi ein er blitt vaksen og forelder.

Og eg har sett kva som skjer når utrygge foreldre skal lære borna å symje. Armringar, magebelter og andre “hjelpemiddel” for å halde borna flytande vert nytta. Er det noko symjeforbundet ikkje likar så er det nettopp det. Ein gjer borna ein falsk tryggheit om at dei kan symje, og når dei verkeleg treng symjeferdigheitene, t.d. dei dett i sjøen, så visar det seg at dei ikkje kan symje allikevel. Borna må lære å bli trygge i vatn, og det må gjerast i trygge omgivelsar av personell som veit kva dei gjer. Ikkje av mor eller far som hadde symjeopplæring ein gong på 80-90-talet.

Kvinnherad Venstre har som mål at skuleelevane i Kvinnherad kommune skal følgje progresjonen i læreplanen med symjeopplæringa. Då kan vi ikkje lempe ansvaret over på foreldra!

Kent Are Kjørsvik Petterson Ordførarkandidat for Kvinnherad Venstre
Kent Are Kjørsvik Petterson
Ordførarkandidat for Kvinnherad Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**