Ver med å gje vind i segla til Fjell Venstre

Foto: Skurtveit

Hei alle Venstrevener!

Det nærmar seg kommune- og fylkestingval, og vi er i gang med å planleggje valkampen. Så langt har vi fått på plass ei valliste og programmet er så godt som ferdig. Vi kjem også til å bruka heimesida og den nye facebooksida aktivt. Vi håpar at de kan dele sida med vener slik at bodskapen vert. spreidd til flest mogeleg.
Vi vil også formidla bodskapen vår gjennom annonser og anna reklame. Men dette kostar mykje. Vi håper at våre medlemmer i Fjell vil vere med å støtte valkampen. Vi har tru på at vi vil gjere eit
godt val viss vi marknadsfører oss godt. Fleire av dei andre partia har mange gongar så mykje pengar til valkamp som oss.
Dersom du har anledning til å gi pengar til vår valkamp i Fjell, vil vi sette stor pris på det. Du vel sjølv om du vil gje, og eventuelt kor mykje, men alle bidrag tek vi imot med takk.
Kontonummeret til Fjell Venstre er: 3628 55 83467.
Helsing
Valnemnda for Fjell Venstre
Tore Turøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**