Endring på topp for Voss Venstre

Nestås, Møen, Rene Ytrefjord, Foto: Elizabeth Toft Eriksen

Som omtala i avisa ”Hordaland” laurdag 6. juni har Voss Venstre fått ny toppkandidat. Bakgrunnen for skiftet er at tidlegare fyrstekandidat Knut Olav Nestås byrjar i ny jobb og har for å unngå spørsmål om habilitet og nøytralitet, valt å trekkja seg frå plassen på topp for Voss Venstre. Ny fyrstekandidat er kommunestyrerepresentant Jorunn Ytrefjord.

Nestås byrjar i ny jobb som distriktsleiar i Trygg Trafikk 1. august. Den avgjerande grunnen for valet om å trekkja seg for Nestås sitt vedkomande, er knytt til at Trygg Trafikk skal fungera som ein partipolitisk nøytral og uavhengig organisasjon.

Jorunn Ytrefjord har som ny fyrstekandidat full støtte hjå sitjande gruppe og styret elles. Dei siste fire åra har Jorunn representert Venstre både i kommunestyret og utval for levekår. Ho har slik fått innsikt i eit breitt spekter av politiske saker, og særleg tunge saker innan helse, skule og eldreomsorg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**