Miljøpris til Nor Tekstil AS

Foto: Flora Venstre

5 juni var verdas miljødag, og Sogn og Fjordane Venstre har tildelt Miljøprisen for 2015 til Flora-verksemda Nor Tekstil AS. Verksemda har i 45 år hatt eit stort fokus på miljø og samfunnsansvar. Dei har ein nullvisjon når det gjeld utilsikta hendingar som kan få alvorlege konsekvensar for det ytre miljø. Nor Tekstil jobbar målretta med å redusere miljøpåverknaden i form av utslepp av klimagassar, forbruk av energi, vatn, og kjemikaliar samt minimering og kjeldesortering av avfall.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sogn og Fjordane Venstre vil framheve Nor Tekstil sitt arbeid for miljøet og naturen rundt oss. Det er spesielt viktig at marknadsleiande verksemder som Nor Tekstil tek ansvar og går føre i utviklinga av tekniske løysningar, og skapar ein marknad for grøne produkt. Mykje av dei endringar som skjer i samfunnet i dag er styrt av at verksemder som Nor Tekstil viser veg og skapar ein konkurransefordel gjennom grøn profilering. Den miljøprofilen som Nor Tekstil har i dag er systematisk jobba fram frå oppstart og er ein inspirasjon for andre.

Flora Venstre hadde nominert NorTekstil som kandidat til Sogn og Fjordane Venstre sin Miljøpris for 2015. Nestleiar Halvor Halvorsen delte ut Miljøprisen som er glaskunst frå kunstnar Merete Rein samt diplom.

Miljøprisen 2015 tildelt NorTekstil AS

 

Nor Tekstil har 9 vaskeri som er Svanemerket. Då er bruken av energi, vatn og kjemikaliar innanfor grensene som er sett av Nordisk Miljømerking. Nor Tekstil var første vaskeriverksemd som i Norge vart akkreditert mot NS-EN ISO 140001 standaren. Det forpliktar dei til å jobbe systematisk og kontinuerleg med tiltak som forbetrar miljøet. Dei har ei rekkje andre sertifiseringar, og det er ingen andre flattøyvaskeri som har det same omfanget av sertifiseringar.


Det er viktig at store aktørar går føre som eit godt døme, og som også stiller krav til leverandørkjeda. Nor Tekstil stiller miljøkrav til at leverandørar av tekstilar oppfyller krava i Svanen, EU-blomsten eller tilsvarande.
Vi vil også nemne at tekstilar som er utslitt eller som ikkje kunden vil bruke, blir tatt i bruk i andre samanhengar. Det kan seljast som tekstilar til industri, eller levert til nødhjelp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**