Grøn vekst

Foto: Frédéric Larsen

Venstre er glad for alle som er opptekne av miljø og klima, og dei partia som også har hatt størst fokus på det, utanom Venstre, er SV og MDG.

I eit innlegg i «Hordaland» 9. juni hadde leiaren for MDG på Voss, Lillian Rogne, eit innlegg i høve Miljødagen 5 . juni.

Hovedfokus i innlegget er null vekst.

Venstre har eit litt anna syn. Null vekst vil ha konsekvensar for samfunnet som m.a. inneber reduserte inntekter for å kunna oppretthalda velferdsstaten. Det vil føra til reduksjon av antal arbeidsplassar og alt det medfører , som for eksempel auka fattigdom. Eit fattigare Noreg vil ikkje gagna miljøet, men eit rikt land som prioriterer grøn vekst gjennom teknologiutvikling, grøne investeringar og stortstilt satsing på forsking, kan vera ein del av løysinga på den globale utfordringa.

Venstre er parti som er optimistisk med tanke på å løysa miljøutfordringane. Vi vil ha grøn vekst! Vi har tru på å vri skattane frå raud til grøn skatt. 2014 var fyrste år i moderne tid der utslepp av klimagassen CO2 gjekk ned, samtidig med at verda opplevde økonomisk vekst. Kan eit paradigmeskifte vera på gang?

Venstre har ved forhandlingane om Revidert Nasjonalbudsjett (RNB) oppnådd gjennomslag for betydeleg auka rom for investering i ny forsking, som gir raskare grøn vekst. Dermed vil veksten koma i form av grøne arbeidsplassar.

Ved RNB fekk også Venstre gjennomslag for at kol er heilt ute som investeringsobjekt for forvaltninga av oljefondet! Når eit investeringsfond på 7000 milliardar formidlar eit slikt signal, underbyggjer det ei miljøvenleg utvikling.

Venstre sitt viktigaste miljøvirkemiddel er overgang frå skatt på arbeid til skatt på forbruk og miljøskadeleg åtferd. Venstre sin skattepolitikk er difor bra både for miljøet og næringslivet. Det gir gode føresetnader for grøn vekst!

 

Jorunn Ytrefjord

Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**