Arbeids- og næringsliv

Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld den globale overgangen til grøn vekst og ein klimanøytral økonomi. Venstre vil arbeide for grøn vekst lokalt. Naustdal har naturressursar som gjev mange mogelegheiter innan grøne næringar som jordbruk og skogbruk. Desse næringane bør få stimulansar til å prosjektere mogelegheiter knytt til lokalprodusert mat og utvinning av biomasse til energiføremål. Vi vil støtte opp under naustdalslandbruk som har ambisjoner i denne retninga og som ønskjer å satse på kvalitetsprodukt gjerne i retning av økologiske produkt.

Venstre vil at Naustdal skal vere ein del av satsinga grøn innovasjon. Det betyr å legge til rette for grønt entreprenørskap aleine og i samarbeid med andre kommunar som satsar på dette. Grøn innovasjon skil seg frå vanleg innovasjon ved at det vil legge føringar på bedrifter og gründerar i høve til å ha eit miljøperspektiv på sine versemder. Vi vil støtte verksemder som aktivt satsar på klima- og miljøtiltak.

Dei gode næringslivtiltaka i kommunen bør vidareførast og satsast på. Vi vil ha fleire liknande tiltak som Dalen næringssenter andre stadar i kommunen som til dømes næringshagar for nyetablerte gründerar og tilbod om felles kontorareal.

Vi må dele dei vakre naturomgjevnadane våre med andre. Dei naturskjønne bygdene i kommunen og sentrumsområdet bør setje Naustdal på kartet som reisemål. For å gjere Naustdal endå meir attraktivt som reisemål, vil vi satse på utvikling av fasilitetar rundt Sandenområdet med blant anna tilgang til toalett og betre utnytting av fellesareal. Dette bør skje i samarbeid med gode krefter i kommunen som blant anna turlaget og idrettslaget. Sunnfjordkommunane bør også gå saman om å skape og profilere turpakkar og samanhengande stinett, overnattingar og opplevingar frå hav til fjell.

Naustdal venstre vil jobbe for:

  • Grøn vekst i kommunen
  • Ei betre tilrettelegging og betre ordningar for små og mellomstore bedrifter, blant anna ved å skape samarbeidsarenaer for desse
  • Å stimulere til grøn innovasjon og nyskaping i kommunen ved å samarbeide med verkemiddellapparatet og andre som jobbar for dette
  • Å fremje Naustdal som reisemål
  • Å legge til rette for grøn finansiering ved å premiere miljøvenleg åtferd
  • Å satse på nyetableringar i kommunen knytt til lokalmat, gardsturisme og utvinning av biomasse til energiføremål
  • Å få meir lokalprodusert mat i butikkane
  • Å legge til rette for tøming av bubilar
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**