Helse- og velferd

Naustdal Venstre vil skape trygge, framtidsretta og verdige helse- og velferdstenester. Ein stadig større del av folkesetnaden i Naustdal vil vere ressurssterke seniorar over 67 år. Behova for hjelp frå det offentlige vil variere mykje. Mange vil klare seg med enkle og tilpassa hjelpemidlar heime og støtte frå heimehjelp, mens institusjonsplassar vil vere for dei mest pleietrengande i den eldste delen av befolkninga. Framtidas offentlege helse- og omsorgstenester krev eit meir fleksibelt tilbod som fangar opp dei ulike ønskja og behova. Samstundes ser ein også at helse- og medisinsk forsking gjer store framskritt og at det tek kortare tid frå kunnskapen utviklast til den kjem praksisfeltet til gode. For at våre innbyggarar skal få dei beste tenestene skal Naustdal Venstre leggje til rette for at leiing, organisasjon og tilsette skal ha dei beste mulegheitene til å halde tritt med utviklinga og gje den beste kvaliteten på tenestene. Her er det viktig at brukarar og pårørande får ein reell innverknad på utforminga av tenestene.

Vesentleg fleire har psykiske lidingar eller symptomer på psykiske lidingar i Naustdal enn snittet for fylket og landet. Kommunen har etablert eit godt og breitt lavterskeltilbod for denne gruppa som vi ønskjer å styrke vidare. Dette vil vi gjere blant anna ved å invitere brukarane sjølv til å vere med på å utforme tilbodet og innhaldet for tenester innan rus og psykisk helse. Førebygging av psykiske lidingar må starte tidleg. Nulltoleranse for mobbing i skulen skal vere sjølvsagt, men meir enn dette handlar det om at born og unge vert utrusta med evna til å leve seg inn i opplevingane til den andre og vise seg som sympatiske menneskjer i møte med det som er annleis. Dette moralske ansvaret kviler på oss alle anten som medmenneskje eller som utøvar av ei tildelt rolle i samfunnet. Venstre sitt mål er at borna i skule og barnehage skal ha gode opplevingar og føle fellesskap og venskap i ein mobbefri kvardag.

Helsetenestene i Norge er godt rusta til å behandle akutte og kroniske lidingar, men i nyare tid er livsstillsjukdommar blitt den store utfordringa for helsevesenet. Helsefremjande arbeid er særs viktig for å førebygge sjukdommar som til dømes diabetes og overvekt. Også her er det viktig å starte tidleg.

Naustdal Venstre vil:

  • Samlokalisere helsetenseter i eit nytt friskhus og opne opp for at private aktørar kan etablere seg i samspel med det offentlege.
  • Byggje basseng i samarbeid med private og/eller frivillige
  • Invitere brukarar til reell medverknad i utforminga og utviklinga av helsetenestene
  • Lære av Vevring skule og korleis dei har skapt ein mobbefri skule
  • La kvalitet vere utgangspunkt for endring av tenester og ikkje økonomi først. Økonomi skal vere eit reiskap for ei fagleg styrt utvikling av tenstene
  • Styrke skulehelsetenesta
  • Gje demente eit betre tilbod
  • Gjere det enklare for rørslehemma og eldre å bruke vår vakre natur, ved til dømes universell utforming av utvalde turstiar.
  • At tilsette i helse- og omsorgstenester skal ha tilbod om ein gjensidig forpliktande kompetanseplan
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**