Vil du delta i valkampen?

- Har du lyst til å delta i valkampen? Ta kontakt med oss. Vi treng di hjelp, seier toppkandidatane i Førde Venstre, Jan Taule og Gunn Merete Paulsen.
– Har du lyst til å delta i valkampen? Ta kontakt med oss. Vi treng di hjelp, seier toppkandidatane i Førde Venstre, Jan Taule og Gunn Merete Paulsen.

Vil du vere med på å gjere kommunevalet 2015 til ein venstrefestival? Vi treng di hjelp for å sikre ei grøn og liberal framtid i Førde der folk kjem først.

Du kan bidra på stand, verve medlemmar, gjere praktisk arbeid eller berre spre venstre i alle kanalar – også over ein kaffekopp med naboen. Ta kontakt, enten direkte med nokon av oss, eller ved å sende melding på Facebook.

Er du ikkje medlem? Ingen problem. Det fiksar du i ein fei på “Bli medlem”!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**