Klima- og miljøtiltak i Voss kommune

Foto: Unge Venstre

Les Jorunn Ytrefjord og Anne-Jorunn Ryum Møen sitt lesarinnlegg om klima- og miljøtiltak her!

«Hordaland» hadde ei god dekning av debatten ikring økonomiplanen nyleg, samt kva som faktisk vart vedteke til slutt. Me vil likevel koma med ei lita presisering: Venstre og Knut Olav Nestås sitt framlegg om klima- og miljøtiltak vart ikkje berre lagt ved protokollen, men faktisk røysta over som tilleggsframlegg. Tilleggsframlegget fekk samrøystes tilslutnad i kommunestyret, noko som betyr at alt frå Raudt til Framstegspartiet har sagt noko om at dei ønskjer å prioritera klima- og miljøtiltak i dei komande budsjetta. Det er sjølvsagt svært gledeleg, og eit særdeles viktig gjennomslag for Venstre.

Tradisjonelt har kanskje klima- og miljøtiltak ofte blitt sett i samanheng med forbod, avgifter og avgrensingar, men det er mykje meir enn det. No i vår fekk vossingane det demonstrert når kommunestyret – etter særleg press frå SV og V – i budsjetthandsaminga sette av 300 000,- til klima- og miljøtiltak. Ein liten del av desse midlane har gått til å sørgja for at fleire hundre syklistar har fått service på syklane sine. Det er god og positiv miljøpolitikk som me treng meir av. Fleire syklar i gatene reduserer klimautslepp, gjev betre plass og avvikling for dei som treng bil og reduserer den lokale forureininga. Samtidig er det mange andre tiltak som kan og bør setjast i verk dei neste åra for at Voss skal gjera sin del for å underbyggja ei berekraftig utvikling og ta del i klimadugnaden. Voss treng å auka andelen trafikantar som vel å gå og sykla, for å ta unna ein framtidig trafikkvekst. At eit samla kommunestyre ønskte å gjera tilleggsframlegget frå Venstre til eit fellesframlegg og så røysta på det samrøystes, er eit svært godt teikn og eit steg i riktig retning. Det er likevel ingen garanti for at klima- og miljø vert prioritert i dei neste budsjetta; difor kjem Venstre til å følgja dette nøye opp vidare.

Det er positive miljøtendensar globalt, og fjoråret synte ein reduksjon i CO2-utslepp. Snart vert også vonleg verda einig om ein klimaavtale. I eit slikt perspektiv er det berre rett og rimeleg at rike Noreg og ei naturperle som Voss er med og underbyggjer utviklinga.

Jorunn Ytrefjord, fyrstekandidat Voss Venstre

Anne-Jorunn Ryum Møen, andrekandidat Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**