Trivsel og bulyst i Jølster

Jølster Venstre, Jølster Venstre

Trivsel og bulyst i Jølster Jølster Venstre ser på kommunereforma som eit framsteg. Det er viktig å skape eit kraftsenter mellom Bergen og Ålesund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Nye oppgåver vil stimulere til nye offentlege og private verksemder, noko som vil gje større mangfald i arbeidsmarknaden. Vekst i kommunesenteret betyr vekst i bygdene rundt – som ringar i vatn. Kommunereforma betyr overføring av oppgåver frå fylke og stat, og vi må fi nne gode løysingar som tener folk best. Vi vil fl ytte makt nedover og avgjerder skal takast så nær innbyggarane som mogleg – altså av folkevalde i kommunen. Tenestene i den nye kommunen skal – som no – leverast der folk bur. Skule, sjukeheim og omsorgsbustader, legekontor, tannklinikk og helsestasjon skal framleis vere der dei er. Tenestene skal ikkje sentraliserast, men administrative oppgåver kan samlast for å bygge gode og solide fagmiljø, betre rekrutteringa og den tverrfagleg samordninga av tenestetilbod. For oss er tenestene kommunen skal yte lokalt det viktigaste. Venstre i Jølster vil ha handa på rattet og vere ein pådrivar i kommunereformarbeidet. Vår oppgåve er å sikre gode tenester, vekst i næringsliv og mangfald i sysselsettinga, samt folketalsauke – også i Jølster

Venstre sine lokallag i indre Sunnfjord er samde om:

✔ rask utbygging og rassikring av E39 og Rv5

✔ Førde Sentralsjukehus sin status som sentralsjukehus

✔ å etablere ein felles høgskule på Vestlandet som tek vare på alle studiestadane

✔ flytte investeringar frå fossil til fornybar produksjon – betre gjenvinning av avfall – samanhengande sykkel- og gangveg frå Naustdal, Sande og Vassenden til Førde

✔ Førde Lufthamn Bringeland skal satsast på for å sikre eit godt fl ytilbod

✔ felles reiselivssatsing basert på naturopplevingar

✔ kommunereform – vi høyrer i lag!

Jølster Venstre Kandidat liste

TRIVSEL OG BULYST

I Jølster skal vi ha tomter som kan oppfylle draumen om einebustad og stor hage. Venstre ønskjer også ei fortetting i sentrumsområda for å spare verdifull matjord, ved å bygge mindre husvære i gangavstand til servicefunksjonar. Jølster kan ta steget inn i det grøne skiftet ved å bygge energi- effektive bustader med solcellepanel på taket, vannbåren varme og ladekontakt for elbil.

Venstre vil:

✔ føre ein offensiv bustadpolitikk med nok tomter i ulike delar av kommunen. Vi vil ha bustadtomter i ulike storleikar til ein fornuftig pris, og bygge små og mellomstore husvere som gjev unge ein inngang til bustadmarknaden.

✔ handheve regelverket for buplikt i Jølster slik at det fremjar busetnad og drift, overtaking og omsetnad av landbrukseigedomar. For oss er bulyst viktigare enn buplikt.

✔ at Jølster kommune skal legge til rette for at eigarane kan ta vare på og nytte gamle tun, bygningar og stølshus. Jølster kommune og Frivilligsentralen skal hjelpe grunneigarar ved å skaffe oversikt over støtteordningar som t.d. Kulturminnefondet, og rådgjeving knytta til å skaffe fi nansiering.

✔ sikre sjølvstendig val av bustad ved behov for omsorg – fritt sjukeheimsval. Den som har omsorgsbehov, skal i lag med pårørande, kunne bestemme kvar i den nye kommunen dei ønskjer å bu

Jølster fleirbrukshall

EIN GOD BARNDOM VARER LIVET UT

Vassendenområdet har hatt stor folkevekst over mange år, og press på areal til skule og idrett. Området kring Vassenden skule og Heimeyrkeskulen treng nye funksjonar. Venstre vil:

✔ bygge fleirbrukshall som løyser trongen for idrettshall, forsamlingshus og kulturaktivitetar. Hallen skal ha byggestart i løpet av 2017.

✔ bygge kunstgrasbane for 11’arfotball og anna idrettsaktivitet.

✔ knyte Vassenden skule og Heimeyrkeskulen saman med vegar slik at skule og aktivitet kan samordnast.

✔ sikre gode møteplassar i ledig bygningsmasse, og tilrettelegge uteareal med leikeapparat og benkar for å skape liv og røre i sentrumsområda.

✔ at helsestasjonane, både Skei og Vassenden, skal bemannast slik at den dekkjer behovet for førebyggande tenester for småborn og elevar ved skulane. Det er mykje god folkehelse i kvardagsaktivitetar i nærmiljøet i Jølster – heilt gratis. Til dømes sykling langs vatnet, fjellturar om sommaren og ski om vinteren. Bygging av samanhengande og trygge gang- og sykkelvegar gjer at borna kan velje sykkel som framkomstmiddel framfor å bli frakta i bil til skule og fritids- aktivitetar.

KOMMUNIKASJON

Venstre vil:

✔ arbeide vidare for utbygging av E39 gjennom kommunen, og få oppstart på rassikringstunnelen på RV 5 i Kjøsnesfjorden. Det er viktig at E39 Bjørset-Skei og prosjektet i Kjøsnesfjorden skjer parallelt for god utnytting av massane.

✔ stå på vidare for rassikringstunnel gjennom Skjersura.

✔ få fart på planleggingsarbeid og val av trasé på strekninga Moskog-Vassenden, og SkeiByrkjelo. Dette er særs viktig for utvikling av tomteareal, nærings- og friluftsliv, både i Skei- og Vassendenområdet.

✔ arbeide for å oppretthalde og betre kollektivtransporttilbodet. Gode og frekvente bussruter gjer at ein kan velje kollektivtransport framfor privatbil.

✔ kjempe vidare for meir fi berutbygging, slik at heile Jølster får raskt breiband. Venstre er klar til å styre i Jølster

✔ arbeide for å knytta saman dei ulike gang- og sykkelvegane i området, for å få lengre samanhengande strekningar. Spesielt viktig er følgjande strekningar Førde-Vassenden-Ålhus og Skei-Klakegg.

✔ arbeide for at Sørsida vert nasjonal turistveg. Dette skal kunne nyttast i marknadsføring av Jølster som sykkeleldorado: Sykkel frå fjord til bre – gjennom kunst- og kulturbygda. Status som nasjonal turistveg åpnar for nasjonale løyvingar til vedlikehald/asfaltering.

DRAUMAR, VERDISKAPING OG GRØN VEKST

Astrup og Astrupkunsten er Jølster si sterkaste merkevare. I 2016 skal Astrup lanserast internasjonalt. I samband med dette støttar Jølster Venstre ei oppgradering av Astruptunet, som må marknadsførast som kunstnarheim og galleri. Venstre vil:

✔ støtte Frivilligsentralen i Jølster. Den er ein viktig medhjelpar for frivillige lag og organisasjonar. Frivilligsentralen skal hjelpe eldsjeler og organisasjonar med å utvikle dei gode ideane og hjelpe fram dei gode prosjekta. Det som ofte stoppar slike gode tiltak er mangel på pengar. Frivillegsentralen er ein viktig hjelpar i høve til å skaffe midlar frå stiftingar og fond.

✔ bruke næringsretta verkemiddel for å støtte opp om satsing kring Jølstraauren. Det er mogleg å utvikle meir næringsverksemd knytt til foredling.

✔ arbeide for etablering av eit forskingssenter om Jølstraauren.

✔ at næringsfonda støttar opp om verksemder som produserar og omset kvalitetsmat frå Jølster. Jølster må og stimulere til nye næringar innanfor tenesteyting, digitalisering og teknologi. fjerne lokal aldersgrense, slik at born opptil 18 år gratis kan drive fritidsfi ske med stang i elvar og vatn.

✔ sikre nok areal i kommunen til nyetablering av industri og nye næringar. Vi må prioritere infrastruktur slik at industriområda på Fossheim og Moskog trekk til seg nyetableringar.

✔ arbeide for fl eire ladestasjonar for elbil i kommunen. Jølster kommune skal innføre elbil og hybridbil som tenestekøyretøy.

✔ innføre årleg ryddedag med rydding langs vegar og vatn i Jølster. I dette arbeidet må ein involvere skulane, frivillege organisasjonar, asylmottak etc. Dette vil bevisstgjere born, ungdom og vaksne om naturen og grøne val.

 

Vi ønskjer at generasjonane etter oss skal ønskje å skape sine eigne gode liv i Sunnfjord. For å oppnå det må vi legge grunnlaget i dag – Difor set vi Folk først.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**