Gjer Arna grønare

Foto: Sondre Hansmark Persen

Venstre vil gjere Arna grønare. Vår framste kandidat frå Arna er Kjell-André Johannessen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Last ned heile Arna-brosjyra vår her.

Ekte bydelsdemokrati

Venstre vil ha bydelsstyrene attende. Anten Arna blir ein større bydel i Bergen saman med fleire av nabokommunane eller held fram som før, vil vi flytte makt og mynde til demokratisk valde bydelsstyrer. Bergen kjem til å vekse og bli større, men avstanden mellom borgarane og dei folkevalde må bli mindre.

Barnehage der du bur

Venstre vil jobbe for at alle som ønskjer det skal få tilbod om barnehageplass i nærleiken av der dei bur. Kort veg til barnehagen er god politikk for barna, for foreldrene og for miljøet. Mangel på barnehageplassar i rimeleg nærleik til der folk bur er ei utfordring i Arna. Det vil vi gjere noko med.

Sats på biblioteka

Venstre vil ha eit godt bibliotek i Ytre Arna og vil opprette bydelsbibliotek i Indre Arna. Vi fekk stoppa framlegget om å legge ned biblioteket i fjor. Venstre vil heller auke satsinga på bydelsbibliotek. Biblioteket i Ytre Arna kan bli ein endå viktigare møteplass som bidrar til samhald og aktivitet, medan eit bydelsbibliotek i Indre Arna er ein viktig del av utbygginga av eit grønt og attraktivt bydelssenter.

Arna skal vere ein grøn bydel

Arna kjem til å vekse og bli ein meir urban og levande bydel. Då er det viktig å ta vare på dei gode grøntområda vi har. Også Venstre vil ha ein ny ungdomsskule i Arna, men vi vil ta vare på Seimsmyra. Vi ønskjer heller ikkje å fylle ut Arnavågen. Arna har nok plass å vekse på. Vi treng ikkje bygge nedgrøntområda.

Ein bydel for folk, ikkje berre for bilar

Venstre vil utvikle Arna som ein bydel for alle, også dei som går eller syklar. Vi vil bygge attraktive sentrum ved jernbanestasjonen og i Ytre Arna, med kafear, uteservering, handel, arrangement og folkeliv. Med dobbeltspor gjennom Ulriken og god byutvikling vil Arna bli den grønaste bydelen i Bergen.

Les resten av politikken vår her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**