Med Eid inn i framtida.

Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

Venstre har vore største parti i Eid dei siste fire åra. Eid er no omsider inne i ein sterk vekstperiode. Folketalet har passert 6.000. Nye store næringsetableringar og viktige satsingar for eldre, born og unge er på gang.

Eid Venstre sine 35 kandidatar på lista til kommunevalet 2015 er no klare for å gjere Eid til ein endå betre kommune å bu i. Ein kommune som gir omsorg når du treng det, er ein god stad å vekse opp, og legg til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst.

Vi skal vidare – saman skal vi ta Eid inn i framtida.

Røyst Venstre ved kommunestyrevalet i Eid 2015.

Heile Eid Venstre sitt program for perioden 2015-2019 kan du lese her.

Toppkandidatar for Eid Venstre 2015
Toppkandidatar for Eid Venstre 2015
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**