Venstre – budsjettbalanse både med og utan eigedomsskatt!

Foto: DinSide.no

Vi i Venstre er opptekne av ein kommuneøkonomi i balanse og eit tilfredsstillande tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune. Det store akkumulerte underskotet, samt handlingslamma folkevalde frå dei andre borgarlege partia, resulterte i at Venstre måtte ta det triste valet å gå for eigedomsskatt.

Venstre, ved John Kenneth Brenne, la i februar 2014 fram konkrete tiltak for å unngå eigedomsskatt. Desse forslaga blei ikkje fylgde opp, noko som er trist sidan vi med dette kunne unngått eigedomsskatten. Den økonomiske situasjonen forverra seg utover året og det var heilt tydeleg at noko måtte gjerast.

I oktober 2014 la dåverande FrP-representant, Bjørn Idar Lyngvær, fram eit konkret forslag med kutt i kultur, barnehage og andre driftseiningar. Venstre hadde fleirtal i kommunestyret saman med Høgre og FrP og kunna sikra at eigedomsskatten ikkje blei innført ved å gå for dette forslaget. Det er vel rett å seie at delar av FrP, heile Høgre og halve Venstre ikkje hadde mot nok til å gå for dette. I staden hamna ein på det tradisjonelle Høgre-framlegget – «ostehøvelprinsippet».

Begge kuttforslaga til Venstre tok omsyn til eldre, helse samt spesialundervisning i barnhage og skule. Begge forslaga tok vare på dei mest hjelpetrengane i samfunnet. Venstre er ikkje villige til å belaste desse gruppene med budsjettkutt.

Slik vi såg det var det einaste alternativet å innføre eigedomsskatt til det akkumulert underskotet var nedbetalt. Eigedomsskatt gav eit betre kommunalt tilbod enn eit eventuelt budsjett utan eigedomsskatt ville gitt. Det må alle innrømme, sjølv Høgre og FrP.

Høgre la fram sitt eige framlegg til vedtak for budsjettåret 2015, eit framlegg som var så dårleg gjennomarbeidd at det synte seg å mangle cirka 8 mill. for å gå i balanse! Budsjettet som blei laga fekk det glatte ordelag av Fylkesmannen i forkant av kommunestyremøtet.

Venstre har vist seg å vere klare til å ta dei nødvendige tiltaka som skal til for å sikre forsvarleg drift utan at dei svake i samfunnet blir råka.

Vi har ei klar målsetjing om å fjerne eigedomsskatten så snart det akkumulerte underskotet er nedbetalt.

Vi skal ut av ROBEK slik vi kan få bygge ny sentrumskule og få stordriftfordelane på barnehage, og samtidig gi eit tilbod langt meir i samsvar med det folk ynskjer enn kva som er tilfelle no.

Stemmer du på Venstre gir du ei stemme til det ærlege og handlekraftige partiet i bygda. Eit sterkt Venstre er den beste garantien for ei god og forsvarleg drift av Sykkylven kommune.

Eigedomsskatten er ikkje muleg å fjerne utan vilje til å kutte i budsjettet. Fjerning av eigedomsskatt krev eit fleirtal for kutt i budsjettet. Det er ikkje som Frp og Høgre seier berre å fjerne inntekter (eigedomsskatt), ein må òg fjerne utgifter.

På vegne av Sykkylven Venstre

John Kenneth Brenne, 1.-kandidat

Bjørn Idar Lyngvær, 3.-kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**