Ola Elvestuen besøkte Stranda

Utsikt mot Åkneset. fv. Amaie Birkhol, Ola Elvestuen, Oda Myklebust, Foto: Trond Otto Berg

Nestleiar i Venstre og leiar av Stortinget sin Energi og Miljøkomite besøkte Stranda Venstre 18. og 19. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Vi starta rundturen i kommune med eit besøk på HT-bygg på Hellesylt. Her orienterte Øystein Ljøen oss om utfordringane ved å drive ei lite bedrift ute i distrikta. Vi var innom fleire ulike tema, men brukte mest tid på den største saka i Sunnylven akkurat no – dei nye karta for rasfare for 100 og 1000-årsrasa.

Dei nye rasgrensene set ein stoppar for utvikling og utbygging av Hellesylt sentrum. Dette er ei omfattande sak som berre kan løysast gjennom eit godt samarbeid mellom forvalting og politiske styresmakter både lokalt og nasjonalt.

Ola Elvestuen såg alvoret i saka og vil ta med seg inntrykka frå Sunnylven tilbake til Stortinget. Han skisserte fleire ulike løysingar på denne konkrete saka. Andre tema vi var innom var arbeidsinnvandring, synkande barnetal i Sunnylven, Språkopplæring og samferdsel.

Bedriftsbesøk hot HT-bygg. Fv. Øystein Ljøen, Trond Otto Berg, Ola Elvestuen
Bedriftsbesøk hot HT-bygg. Fv. Øystein Ljøen, Trond Otto Berg, Ola Elvestuen

Etter besøket i Sunnylven drog vi vidare til Geianger. Her besøkte vi Fjordsenteret og var med på markeringa av at det er 10 år sidan Geirangerfjorden fekk verdsarvstatus.

Ola Elvestuen kom med ei eiga helsing under programme. Her streka han under betydninga Geiranger har i den globale verdsarven og at det er vårt ansvar som politikarar å forvate denne på best mogleg måte. Han sa at staten i lengre tid har nedprioritert forvaltinga av “landskapsvernområda”, men at Venstre i dei komande budsjetta vil arbeide for ei vesentleg auke i løyvingane til desse områda.

Landskapsvernområder krev eit heilt eige regime for forvalting der tradisjonell bruk på mange områder er viktigare enn bevaring og verning. Utan ein aktiv bruk av kulturlandskapet vil det misse mykje av verdien. Forvaltinga og verneplanane må ta høgde for dette perspektiet.

"Grøn Fjord 2020" kan gjere Geiranger og Stranda til eit globalt miljø-fyrtårn og eit globalt eksempel for god lokal miljøforvalting seier Ola Elvestuen og ser utover Geirangerfjorden
“Grøn Fjord 2020” kan gjere Geiranger og Stranda til eit globalt miljø-fyrtårn og eit globalt eksempel for god lokal miljøforvalting seier Ola Elvestuen og ser utover Geirangerfjorden
Ola Elvestuen deltok under 10-årsmarkeringa av verdsarvstatuesn i Geiranger.
Ola Elvestuen deltok under 10-årsmarkeringa av verdsarvstatuesn i Geiranger.

Vi hadde også møte med direktør Katrin Blomvik ved vedsarvstiftinga. Vi fekk orientering om visjonen “Grøn Fjord 2020” om sporlaus ferdsel i verdsarvområdet. Dette er ei hjartesak for Venstre generelt og for Ola Elvestuen spesielt. Han lovde full støtte til denne visjonen og vi drøfta fleire ulike tiltak vi som kommune kan ta for å gjere visjonen verkeleg. Stranda Kommune er i ein unik posisjon til å verte eit fyrtårn for miljøet globalt dersom vi i åra framover tek dei rette vala for satsinga i verdsarvområdet.

Ola Elvestuen på Dronningsetet ved Flydalsjuvet
Ola Elvestuen på Dronningsetet ved Flydalsjuvet

Under eit møte med Maritimt Forum Nordvest v/Arnfinn Ingjerd vart vi orienterte om situasjonen for den maritime næringa og kva verkemiddel staten kan bruke både for å stimulere ei maritim næring i krise og samstundes løyse fleire av miljøutfordringane i den maritme næringa. Teknologien for m.a. elektriske ferger fins og med ein fergeflåte der størsteparten av fergene er mellom 30 og 40 år er behovet for fornying skrikande. Den maritime klynga på Sunnmøre sit på den fremste teknologien i verda når det gjeld miljøvennleg skipsfart og kan bidra på fleire måtar i åra som kjem både gjennom nybygging og ombygging til meir miljøvennlege farty.

Tweezy er små og morosame elbilar som turistar kan leige. Bilane kjem med innebygd GPS og guidar deg sporlaust rundt mellom ulike attraksjonar i Geiranger.
Tweezy er små og morosame elbilar som turistar kan leige. Bilane kjem med innebygd GPS og guidar deg sporlaust rundt mellom ulike attraksjonar i Geiranger.

 

Vi avslutta dagen i Geiranger med å prøvekøyre eit av dei første stega på vegen mot sporlaus ferdsel – elbilen Tweezy. Denne vesle morosaken av ein el-bil vert i dag leigd ut til turistar i Geiranger. Den kjem med ferdig programmert GPS der turistane vert guida rundt i Geiranger på fleire ulike språk. Forutan å vere fantastisk morosam å køyre er den elektrisk og eit blikkfang for sprorlaus ferdsel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**