Ordførarkandidaten Håkon Gjerde

Eg er 45 år, utdanna Cand. scient. Dei 10 siste åra har eg arbeidd som avdelingsleiar/elevinspektør ved Hjeltnes vgs. Før det var eg jordbrukssjef i Ulvik, landbrukssjef i Eidfjord og arbeidd for Statens landbruksforvaltning i Oslo.
Politisk har eg to periodar i heradsstyret (2003-2011), siste periode som gruppeleiar og formannskapsmedlem.
Etter 4 års pause er eg igjen klar for å vere med og utvikle Ulvik inn i ei ny framtid der me truleg vert del av ein større kommune.
Eg er særleg oppteken av samspelet mellom landbruk, reiseliv og kultur, og vil som politikar prioritere satsingar som har ringverknader utover seg sjølv. Som CittaSlow bygd skal Ulvik vere ein god stad å bu og ein god stad å komme til, som innflyttar eller gjest.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**