Unge og eldre i Ulvik

Ulvik herad sine tenester i barnehage, SFO, skule, helse og eldreomsorg er det næraste og det viktigaste me driv med, og me vil prioritere dette i Ulvik og inn i ein eventuell framtidig ny kommune.

Skule og SFO

Ulvik Venstre ynskjer at Brakanes skule skal forsetje den gode opplæringa av borna våre. Me ynskjer i størst mogleg grad å halde på fulldelte klassar, men dersom det er pedagogisk riktig kan samanslåtte klassar i enkelte fag vere fornuftig. Ungdomsråda i Ulvik og nabo kommunane er positive til felles ungdomsskule.
Me ynskjer at skulefritidsordninga skal vere eit tilbod der borna vert tekne vare på og har trygge råmer som sikrar fleksibiliet for foreldre i arbeid. SFO er også ein viktig arena for integrering av flyktningeborna me har i Ulvik.
Hjeltnes vidaregåande skule er framleis i ein uavklart situasjon og treng all den hjelp den kan få frå både heradet og regionen for å verte oppretthalden.

Venstre vil:

✔ Vere ein aktiv skuleeigar
✔ Satse på god norskopplæring for alle framanspråklege nye innbyggarar
✔ Greie ut felles ungdomsskule ieventuell ny kommune

✔ Satse på lærarane i høve etterutdanning
✔ Ha null-toleranse mot mobbing
✔ Ha fulldelt skule i basisfaga
✔ Vere positiv til at SFO vert ein del av ein utvida skuledag
✔ Ha inntil 3 lærlingeplassar i Ulvik herad

✔ Fylgje opp fråsegna me fekk årsmøtet i Hordaland Venstre til å vedta om å oppretthalde og utvikle Hjeltnes vidaregåande skule.

Barnehage

Å få ein god start i livet gjennom ein trygg oppvekst betyr mykje for korleis du får det vidare i livet. Det er då viktig med ein barnehage som har eit godt pedagogisk grunnlag, gode uteområde og omsyn for den enkelte. I Ulvik er det mange som arbeidspendlar ut av bygda og då er ein raus barnehage avgjerande for å kunne bu her.

Venstre vil:

✔ Oppretthalde tilbod om full barnehagedekning til ei kvar tid, og innretta opningstider etter eit moderne arbeidsliv
✔ Ha fleksibelt opptak gjennom heile året
✔ Leggje til rette for etterutdanning for tilsette

 

Skule og SFO

Ulvik Venstre ynskjer at Brakanes skule skal forsetje den gode opplæringa av borna våre. Me ynskjer i størst mogleg grad å halde på fulldelte klassar, men dersom det er pedagogisk riktig kan samanslåtte klassar i enkelte fag vere fornuftig.

Ungdomsråda i Ulvik og nabo kommunane er positive til felles ungdomsskule. Me ynskjer at skulefritidsordninga skal vere eit tilbod der borna vert tekne vare på og har trygge råmer som sikrar fleksibiliet for foreldre i arbeid. SFO er også ein viktig arena for integrering av flyktningeborna me har i Ulvik.

Hjeltnes vidaregåande skule er framleis i ein uavklart situasjon og treng all den hjelp den kan få frå både heradet og regionen for å verte oppretthalden.

Venstre vil:

✔ Vere ein aktiv skuleeigar
✔ Satse på god norskopplæring for alle framanspråklege nye innbyggarar
✔ Greie ut felles ungdomsskule i eventuell ny kommune
✔ Satse på lærarane i høve etterutdanning
✔ Ha null-toleranse mot mobbing
✔ Ha fulldelt skule i basisfaga
✔ Vere positiv til at SFO vert ein del av ein utvida skuledag
✔ Ha inntil 3 lærlingeplassar i Ulvik herad
✔ Fylgje opp fråsegna me fekk årsmøtet i Hordaland Venstre til å vedta om å oppretthalde og utvikle Hjeltnes vidaregåande skule.

 

Helse og omsorg

Ulvik har svært gode tenester innan helse og omsorg, men treng ny sjukeheim. Venstre vil arbeide for å få realisert bygging av ny sjukeheim med helsesenter på Skeiestomta. Me meiner at Ulvik er rette staden for eit helsesenter i ein ny kommune og vil ha det med
inn i forhandlingane i høve ny kommunestruktur.
Ulvik Venstre er open for å vurdere eigedomsskatt i heile Ulvik som eit spleiselag for å få realisert ei slik storsatsing.
Turgåing er godt for folkehelsa og stølstrim og merking i landskapsparken er positive tiltak. Utvikling av ein “mobilapp” om turane kan gjere turane endåg meir innhaldsrike.

Venstre vil:

✔ Realisere ny sjukeheim med helsesenter
✔ Auka tilgjenge og universell utforming i sentrum
✔ Prioritere tiltak som fremjar folkehelse
✔ Bidra til å utvikle ein “mobilapp” som fortel om turen ein går.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**