Bli kjent med Vidar Solheim

Vanylven Venstre
Vidar Solheim, Vanylven Venstre, Foto: Vidar Solheim

Vidar Solheim er 35 år og oppvaksen på Åheim. Han har teke over barndomsheimen, gifta seg med Annie og dei har tilsaman 5 born i hus. Jørgen 17, Anna 16, Sara 13, Egil 7 og Elias 6 år.

Vanylven Venstre
Vidar Solheim, Vanylven Venstre

Vidar jobbar som Byggeleiar i Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane, og pendlar dageleg til Nordfjordeid der han har sin arbeidsplass. Han trivst særs godt innan faget han jobbar med, som er drift og vedlikehald av vegnettet.

Vidar har gått på Åheim skule i 9 år og sitt første år på vidaregåande skule i Syvde. Dette gav grunnlaget for at han er komen dit han er i dag, og han ynskjer at hans eigne barn, saman med andre, òg skal få oppleve det. Skulestruktur er difor ei av hjartesakene til Vidar og han ønsker at den skal bestå slik den er i dag med ungdomsskule i Syvde og på Åheim . Å etablere ein ungdomsskule på Fiskå vil føre til ei utarming av bygdene rundt, og på sikt minke folketalet i Vanylven.
Vidare er reguleringsplanarbeid i samband med Stad Skipstunnel ei viktig sak for vår representant: “Vi må vere klar når fyrste salva går av i Kjødepollen”.

På Åheim er Vidar godt kjent for sitt utrettelege engasjement. Han har vore ein dyktig FAU-leiar ved skulen, og han er no leiar i ungdomslaget i bygda, og han er stadig å sjå der eit dugnadsprosjekt er i gong. Til tross for full jobb og aktiv familie er det sjeldan nei i Vidar sin munn. Trengst det arbeidsvillige hender er denne karen på plass, og stiller alltid opp med godt humør og arbeidslyst.

Vidar står på Vanylven Venstre si liste ved kommunevalet, og ynskjer seg plass i kommunestyret. Han treng DI STEMME for å nå sitt mål! Om du vil gje han di støtte må du bruke Venstre si liste ved valet. Kryssar du ved namnet hans får han plass høgare på lista, og dermed større sjanse til å representere Vanylven Venstre i kommunestyret dei komande fire åra.

Godt val! Stem Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**