Grøn historieløyse kombinert med arroganse

Jone Nyborg

Jan Kløvstad mars 2015

Eg har sett på NRKs valsending frå Ålesund. Eg er uroleg for historiekunnskapen til Rasmus Hanson i Miljøpartiet De Grønne, – og også eindel andre. Det er direkte arrogant, fullstendig historielaust og frekt å stå der og hevde at ingen andre enn han og Miljøpartiet De Grønne har tenkt på det grøne skiftet. Her er smakebitar frå Venstres miljøhistorie. Andre får snakke for seg.

Det er mange historielause som trur at noe blei skapt i den augneblenken dei sjølve kom fram til ei erkjenning. Eit eksempel er Grønn Ungdoms slagord “Vi lover ikke gull, men grønne skoger”. Det blei lansert som noe heilt nytt i forrige valkamp. Det same gjorde det svenske Miljøpartiet i 1988, – før eg måtte fortelle partistiftar Per Gahrton at Venstre hadde dette slagordet frå 1975. Det var Arne Haugestad som formulerte den slåande og gode setninga, bygd på einstemmig Venstreprogram vedtatt på landsmøtet i 1972. Venstre har brukt både orda og praksisen kvar dag sidan.

Da Arne Fjørtoft var Venstreleiar i siste del av 1980-talet snakka han om skifte frå rød til grøn skatt. I 1989 lanserte Venstre ein plan for å kutte CO2 utsleppa med 50% av 1989-nivå i år 2000. Vi snakka om grøn industri, vi hadde seminar med bedrifter som ville tenke og handle grønt (Jackon i Fredrikstad var ei av mange), vi sa at dei bedriftene som ikkje ville endre seg og redusere utsleppa ikkje hadde ei framtid. Og enda sterkare sa vi at dei som verkeleg ville endre seg, dei ville få ei lysare og grønare framtid – i eit grønt skifte. Arne Fjørtoft reiste til Nederland og installerte LPG-tank for miljøvennleg flytande gass i bilen sin. Eg var så heldig å få vere med. Vi blei aktivt, svært aktivt, motarbeidd av Arbeidarpartiet. Vi køyrte el-bil i september 1989. Samtidig leia Venstre Norgeshistorias største miljøaksjon for å legge ned atomkraftanlegget Dounreay nord i Skottland. Saman med skotsk miljørørsle la vi fram ein 12punktsplan for overgang frå atomkraft og olje i Nord-Skottland til vind, sol og bølgekraft (som vi på den tida trudde ville vere realitet på få år).

Venstre fekk aldri fleirtal for all denne framtidsretta miljøpolitikken. Men politikken låg der, i prinsipprogrammet, i stortingsprogramma, i forslag og stemmegiving i Stortinget, i fylkesting og kommunestyre. Og sakte fekk vi fleire med. Noen av forslaga er gjennomførte, – mange år etter at dei først dukka opp. Dagens el-bilregime er eitt eksempel, først lansert og gjennomført av eit statssekretærutval leia av Hans Antonsen under Bondeviks første regjering, og så kraftig styrka av samferdsleminister Torild Skogsholm i Bondeviks andre regjering.

Eg er glad for at stadig fleire tenker grønt. Men å fornekte historia kler ikkje dei nyfrelste. Det er som om dagens feministar fornektar at det fanst feministar og likestillingskamp heilt frå tidleg 1970-tal, og faktisk også lenge før det.

For ordens skuld: eg har vore medlem i Venstre sidan 1974. Eg meldte meg inn for å arbeide i kampen mot industriforureining og sur nedbør over Sørlandet, mot atomkraft og for rein natur. Eg var ikkje aleine om det. Det var aktive miljøaktivistar før oss, og det kom fleire til etter kvart. For alle oss er det ei stor oppmuntring at det har kome nye på banen, som Miljøpartiet De Grønne og enkeltpersonar også i andre parti. Men les nyare norsk politisk historie, – også den grøne delen. Det ville vere meir redeleg av Miljøpartiet De Grønne om partiet seier at Venstre og fleire har kjempa for ein framtidsretta miljøpolitikk i fleire tiår, men Miljøpartiet meiner det er betre å starte eit nytt parti med dei same sakene enn å arbeide saman med dei som har vist veg. Hugs at hjulet har vore i bruk noen år. Hjulet blei ikkje oppfunne av Rasmus Hansson.

Jan Kløvstad

Venstremedlem i Arendal og fylkestingskandidat

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**