Kandidatlista 2015

Foto: Linda Ness Rotihaug

Kandidatane til kommunestyrevalet i Askvoll 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

1. Gunnar Osland
Gunnar Osland_0008
Ordførarkandidat, sjåfør og næringsdrivande, 57 år.

Hjartesaker:
Godt tenestetilbod:
– Full barnehagedekning som og har brukartilpassa oppningstid. God og verdig omsorg. Desentraliserte, gode skular m.m.
– Meir satsing på næringsutvikling, vekst i arbeidsplassar.

Samferdsle:
– Halde trykk på slik at Atløysambandet vert realisert NO. Få rassikra FV 609 ved Heilevang.
– Breiband og mobildekning til heile kommunen. Forsere opprustning av kommunale vegar.
Gruvedrift og fjorddeponi:
– Eg og Venstre er positive til gruvedrift på Engebø, men avfall blanda med kjemikalier skal ikkje ned i Førdefjorden. Skal det vere gruvedrift skal det drivast på ein miljøvenleg og berekraftig måte. Vi støttar oss på fleire faginstansar som frårår fjorddeponi. Utbyggjar mangler fleire løyve, så saka er langt frå avgjort.

2. Jostein Grane

Jostein Grane Matros, 49 år.

Hjartesaker:

Samferdsle: Vere pådrivar for å få gjennomført Atløy-sambandet, og tunnel ved Hundsåna på FV 609. Halde oppe kollektivtilbodet, både buss og godsruter, og få opp tal ferjeanløp til det vi har krav på.
Halde oppe talet på gode skuler og barnehagar, med nulltollleranse for mobbing. Ha eit godt kulturskuletilbod, og støtte opp om frivillige lag som td idrettslag, dansegruppe, og skyttarlag.
Sikre gode omsorgstenester for dei eldre og andre som treng det.
Ta vare på eksisterande næringsliv, og legge til rette for nye arbeidsplassar. Få på plass meir tomteareal til bustadbygging rundt i bygdene.
Vere med å utvikle Askvoll med fleire gode tilbod, slik at bygda framleis vil vere eit samlande sentrum i kommunen.

3. Linda Kvalhei
Barnevernspedagog/miljøterapeut, 43 år. Linda Kvalheim (2)

Hjartesaker:

Venstre sitt slagord er: «Folk først.» Å setje folk først betyr for meg å ta vare på innbyggjarane og velferda vi har i dag, men også å jobbe aktivt med å omstille oss for framtida. For å greie dette er FOLKETALSAUKE= TILFLYTTING nøkkelord for meg. Som «heimvendt» frå by`n for få år sidan, var avgjerande faktorar for å flytte: at eg fekk ein attraktiv plass å bu, ein jobb eg ville ha, barnehage- og skuletilbod i nærleiken, og nærbutikk. På lista mi stod sjølvsagt også ein trygg barnehage-/ skule- og arbeidsveg. Dette tenkjer eg er basale behov for dei fleste når ein skal ta avgjersler om kvar ein skal byggje og bu. Korleis gjere Askvoll kommune attraktiv å bu i no og i framtida: Det må bli lettare å kunne busetje seg der ein ønskjer, noko som mellom anna betyr å mjuke opp strandsone- regelen. Halda fram med å prioritere kulturtilbod for born og unge. Her vil eg særskilt nemne kulturskulen.
– Vi treng å byggje fleire barnehageplassar og å behalde dei fire grunnskulane vi har i dag.
– Vi treng å utdanne fleire unge og difor må vi jobbe tettare opp mot næringslivet for å skaffe fleire lærlingplassar.
– Vi treng fleire arbeidsplassar og jobbmoglegheiter i kommunen/ regionen. Eg ønskjer difor gruvedrift på Vevring velkomen, med føresetnad om at det IKKJE vert dumpa gruvemassar i Førdefjorden. I tillegg må vi tenkje nytt kring skaping og etablering av fleire arbeidsplassar.
– For at bygdene skal «leve og blomstre», treng vi nærbutikkane som ein naturleg samlingsstad. Eg er difor imot søndagsopne butikkar, som eg fryktar i verste fall vil kunne medføre nedlegging fleire stadar.
– Vi må syte for å vere med i diskusjonane kring eventuell kommunesamanslåing, slik at vi kan ta kvalifisert val ved ei folkeavrøysting.
– Vi treng å byggje ut fiber til alle deler av kommunen, og at Atløy- sambandet vert realisert. Og som den førdefjording eg er, vil eg kjempe for rassikring av FV 609.

 

4. Rolf Fåberg

Rolf Anleggsformann, 40 år.

Hjartesaker:

Eg ynskjer at kommunen skal vere mykje meir offensiv, samarbeide, legge til rette og tilby sine tenester i prosessar der firma ynskjer å etablere seg Askvoll. Ein må og vere meir tilstades og fylgje opp allereie eksisterande næringar. Fleire arbeidsplassar er det som gjev grunnlaget for framtida vår med folketalsvekst og utvikling.

Trygge, gode oppvekstvilkår med gode skular, trygg skuleveg og eit godt fritidstilbud skal alle barn og unge i Askvoll ha.

Pendlarvegen 609 mellom Askvoll og Førde må og skal utbetrast.

 

 

5. Anne Marie Sve Mandelid

Anne Marie Sve Mandelid
Hjelpepleiar/treningsinstruktør, 48 år.

Hjartesaker:

Eg ynskjer at generasjonane etter oss skal kunne ynskje å skape sine eigne gode liv i Askvoll
kommune. For å oppnå det må vi legge grunnlaget i dag – Difor set vi Folk først.

Det skal vere trygt og godt å vekse opp for alle born og unge i vår kommune. Det er difor viktig å satse på skulen der alle born skal få utvikle sitt potensial, og få tilegne seg den kunnskapen dei treng. Vi må fange opp dei som fell utanfor så tidleg som mogleg, og gje dei den hjelp dei måtte trenge frå dei ulike støttefunksjonane.

Barnefamilliar må få meir kontroll over eiga tid. Difor treng vi fleksibilitet i opningstider i barnehage, samt full barnehagedekning. Skulane vi har skal vi gjere alt for å behalde. Eg meiner vi må ha eit godt kulturskuletilbod, og støtte frivillige lag og organisasjonar.

Eg ynskjer at det skal vere lettare for dei unge å vende tilbake til kommunen for å etablere seg. Det må tilretteleggast for nye arbeidsplassar der etableringsprosessen bør forenklast, samtidig som vi tek vare på det eksisterande næringslivet.

Nærbutikkane som vi har i kommunen må vi behalde, nettopp fordi dei er ein samlingsstad og ein viktig faktor i ei bygd. Dette gir grunnlag for mitt syn i mot søndagsopne butikkar.

Vi i Venstre seier JA til gruvedrift, men NEI til fjorddeponi. Etter mi meining bør avfallet kunne handterast på land og gjerast til ein ressurs. Det må vere mogleg å finne ei økonomisk og miljøfagleg forsvarleg løysing i dette tilfellet. Samferdsel er ein svært viktig faktor for at alt dette skal bli bra. Eg ynskjer difor å jobbe for ei rask løysing for rassikring, i samband med problemstillinga rundt FV 609. Eg ynskjer også å halde trykket oppe for at Atløysambandet blir realisert i næraste framtid, og å jobbe for at breidband og mobildekning går til alle i vår kommune.

Det skal vere trygt og godt å bli eldre i Askvoll kommune. Eg ynskjer omsorg og fellesskap i vår kommune, og tryggleik for at ein får hjelp når ein treng det. Trygg og verdig alderdom der ein er med å bestemme over sin eigen kvardag er ikkje noko ein skal bli fråteken når ein blir gamal.
Alle skal møtast med fleksible tilbod som fangar opp ulike ynskjer og behov.

6. Norvald Gjervik
Norvald Gjervik
Sjølvstendig næringsdrivande tømrar, 66 år.

Hjartesaker:

Samferdsle – skule – barnehage

Om det vert ein ny storkommune for Askvoll, vil eg også ha med Flora i denne. Dette gjev moglegheiter for nye arbeidsplassar.

Vi treng samband over Førdefjorden.

Eg vil ha gruvedrift, men avfallet må deponerast på ein forsvarleg måte.

 

 

7. Rune Ziener
Rune Ziener Dagleg leiar/kyrkjeverje, 42 år.

Hjartesaker:

Folketalsvekst
– Auke i folketalet er alfa og omega for å sikre ei berekraftig utvikling for eit lite lokalsamfunn som Askvoll. Eg vil leggje til rette for fleire desentraliserte arbeidsplassar, attraktive bumiljø og eit godt barnehage- og skuletilbod. Eg vil arbeide for at vi får auka busetnad og ei god integrering av flyktningar, som vil sikre vekst og utvikling for lokalsamfunnet.


Næringsutvikling og arbeidsplassar

– Kommunen sitt næringsfond skal bidra til nye næringsetableringar og utvikling i kommunen. Godt utvikla infrastruktur, t.d. Atløysamband, breidbandsutbygging og mobildekning er ein føresetnad for å lukkast her. Grønn vekst, særleg kytt til utvikling gjennom våre unike naturressursar er prioritet nr. 1 for næringsutvikling i Askvoll.


Kommune- og regionreform

– Eg vil nytte dei moglegheiter som ligg i kommune- og regionreforma for å sikre at meir mynde og ressursar vert overført til lågare forvaltingsnivå så vi får eit styrka lokaldemokrati. Meir mynde til lokalsamfunna og overføring av fleire statlege arbeidsplassar til regionen er naturlege følgjer av sterke og robuste kommunar og regionar. Rasjonell drift av dei nye storkommunane skal sikre eit desentralisert tenestetilbod til alle innbyggjarar. Større driftseiningar er ein føresetnad for etablering av betre og meir attraktive kompetansemiljø.


Energiøkonomisering og grønn kommune
Askvoll skal verte enøk-kommune nr. 1 i fylket. Askvoll skal aktivt nytte seg av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til energivennlege og framtidsretta investeringar som også fører til lågare driftskostnader for kommunen. Eg vil ha ladestasjon for el-bilar i sentrum og delar av den kommunale bilparken skal vere el-bilar. Kommunale bygg skal vere energivennlege, og solenergi skal utgjere ein vesentleg del av dei kommunale bygga si energiforsyning. Sist men ikkje minst vil eg seie JA til gruvedrift men NEI til fjorddeponi!​

 

8. Renate Berg

Renate Berg Butikkmedarbeidar, 35 år.

Hjartesaker:

Eg ynskjer at Askvoll kommune skal vere ein attraktiv plass å bu og leve. Det betyr for meg å ta vare på innbyggjarane våre, og velferda vi har i dag. Samstundes må vi legge tilrette for at unge som ynskjer å flytte heim att, har arbeidsplassar å komme til, og at det er barnehageplass til alle som treng det.
Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Askvoll. Vi må difor jobbe for å behalde dei gode skulane og barnehagane vi har i kommunen i dag. Vi må ha eit godt kulturskuletilbod, og støtte opp om frivillige lag og organisasjonar.
Nærbutikken er naturlege samlingsplasser i lokalsamfunnet. Desse er det viktig å ta vare på. Eg seier nei til søndagsopne butikkar, fordi eg meiner det vil kunne føre til at fleire butikkar må legge ned.
Eg vil ilag med resten av Askvoll Venstre jobbe for å realisere Atløysambandet, og tunnel ved FV 609, Heilevang.
Eg seier JA til levande fjorder, NEI til gruvedumping! Vi må fortsette å jobbe aktivt for å hindre eit framtidig fjorddeponi i Førdefjorden. Den kampen er ikkje over!
Eg har tru på eit inkluderande fellesskap der alle er likeverdige. Eg ynskjer at Askvoll skal vere for alle. Vi er alle forskjellige, men som slagordet til Venstre seier, vi set ; Folk Først.

9. Arnt Henning Blom
Arnt Henning Blom Dagleg leiar/butikkeigar, 43 år.

Hjartesaker:

Samferdsle – kommunikasjon – verdiskaping.
Komunikasjon er ei viktig sak for meg. Eg vil binde saman kommunen ved å få bygd Atløysamband og rassikre FV 609. Få på plass samband mellom Atløy – Værlandet og Lutelandet (ytre Fjaler) når Atløysambandet er på plass. Bygge ut fiber til flest mogeleg av innbyggarane i kommunen.

10. Steinar Bråstad

Steinar Bråstad
Byggmeister, 52 år.

Hjartesaker:

Nei til fjorddeponi.
Rasikringsmidlar til FV 609.
Atløysambandet.

11. Kari Larsen Stang

12. Malvin Grepstad

13. Kåre Leknes

14. Jorunn Blom

15. Ove Nesberg

16. Arild Grytten

17. Marianne Ask

18. Rita Therese Thorsnes Herland

19. Håvard Yndestad

20. Turid Hugøy

21. Lauge Mandelid

22. Sæunn Klara Breidfjörd

23. Sigbjørn Rørvik

24. Line Rotihaug

25. Arnljot Berge Stang

26. John Ivar Askevold

27. Bjørn Arne Mjåseth

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**