På tide å flytte ut

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang
Foto: Fotograf Vidar Helle

Stortinget har vedtatt at statlege arbeidsplassar skal desentraliserast. Sogn og Fjordane Venstre krev fortgang i prosessen og vil ha minst 500 nye statlege arbeidsplassar til Sogn og Fjordane innan 2020.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Borgarleg semje om utflytting av statlege arbeidsplassar ein viktig del av samarbeidsplattforma til Venstre, Krf og regjeringspartia. Etter at Høgre og Frp har kome i regjering har Venstre vore utolmodige etter å få realisert utflytting av statlege direktorat og tilsyn. Venstre konstaterer at Jan Tore Sanner har sett i gong satsinga, men vi meiner at arbeidet må ha høgare tempo. For Venstre er det også viktig at utflyttinga skal kome alle regionar til gode, ikkje berre der vi finn dei største byane.

Sist Venstre sat i regjering flytta vi Luftfartstilsynet, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Konkurransetilsynet, Post- og teletilsynet, Medietilsynet og Direktoratet for beredskap og samfunnstryggleik ut av Oslo. Samstundes blei mellom anna Lotteri- og Stiftingstilsynet og hovudkontoret for Statens vegvesen Region Vest lokalisert i Sogn og Fjordane. Satsinga vart kontant stogga av raudgrøn motvilje. Under den raudgrøne regjeringa vart så godt som ingen statlege arbeidsplassar lagt utanfor Oslo/Akershus, medan 7000 nye arbeidsplassar vart oppretta i hovudstaden.

Våren 2014 vedtok Stortinget, etter initiativ frå Venstre, at som hovudregel skal statlege arbeidsplassar lokaliserast utanfor Oslo-regionen. For å redusere presset i Oslo-regionen og styrke fagmiljø og kompetanse i heile landet. Regjeringa har difor sett i gong arbeidet, men Venstre er klare på at arbeidet berre så vidt har starta og at utflyttinga må kome Sogn og Fjordane til gode

For Venstre handlar ikkje dette om at statlege arbeidsplassar er meir verdt enn private. For Venstre er det også eit mål begrense veksten i byråkratiet og ikkje utvide det. Men det er viktig at det som finst av statlege arbeidsplassar er viktige bidrag til ein heilskapleg arbeidsmarknad og må difor kome heile landet til gode.

Sogn og Fjordane Venstre meiner kloke hovud finst i heile landet, og at desentralisering av statlege arbeidsplassar er eit viktig verkemiddel for å ta desse hovuda i bruk. Det er også eit sjølvstendig poeng at ikkje makt og mynde blir samla på same stad. Venstre har tidlegare peikt på at Statens landbruksforvaltning, Norges vassdrags- og energidirektorat sitt hovudkontor og Direktoratet for naudkommunikasjon kan vere aktuelle utflyttingskandidatar til Sogn og Fjordane. Statlege etatar som skal samlast i færre einingar må lokaliserast utanfor dei største byane.

Sogn og Fjordane Venstre forventar difor at arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar vert intensivert og vil jobbe for at det vert flytt ut 500 slike arbeidsplassar til Sogn og Fjordane innan 2020. Desse må lokaliserast slik at dei saman med vekst i næringslivet skapar heilskaplege bu- og arbeidsmarknadsregionar med eit mangfald av arbeidsplassar.

 

Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat, Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**