Fråsegn: Voss sjukehus skal vera eit sjukehus med akuttfunksjonar

Foto: Frédéric Larsen

Venstre, representert med 1.kandidat Jorunn Ytrefjord, og Torstein Gunnarson, fylkestingkandidat, takkar for invitasjon til og orienteringa 24.aug. om Voss sjukehus.

 

Orienteringa viste oss eit sjukehus i aktiv utvikling, med eit vidt arbeidsområde, i godt samspel med Haukeland universitetssjukehus om ymse spesialistfunksjonar, med akuttberedskap heile døgnet, med mange pasientar frå kommunar utanfor eige sjukehusområde, og med høg brukartilfredshet.

 

Som førebuing til ein nasjonal helse- og sjukehusplan har eit utval føreslått at ei sjukehus bør ha 80 000 til 100 000 innbyggjarar for å kunna ha akuttberedskap heile døgnet.

 

Venstre meiner dette er ei uforsvarleg forenkling av svært viktig spørsmål for sjukehusa i framtida, og stiller seg heilt avvisande til at dette skal kunna vera ei avgjerande punkt for vidareføringa av Voss sjukehus.

 

Voss sjukehus tar mot eit stadig aukande tal pasientar frå eit langt større geografisk område enn lokalsjukehusområdet (Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Kvam,Vaksdal), både frå Bergen og omland, Sogn og Hardanger. Voss sjukehus er næraste sjukehus med akuttfunksjonar i kirurgi for 13 kommunar med 53.000 innbyggjarar, og dekker i praksis denne funksjonen for fleire kommunar utanfor eige lokalsjukehusområde. Turistar og hytteferierande i Voss og nabokommunane, deltakarar i store arrangement, trafikknutepunkt for veg og jernbane, gjer at talet personar som forventar akuttberedskap ved Voss sjukehus er langt større enn innbyggjartalet i området.

 

Stortingsrepr. Terje Breivik frå Venstre seier også i ”Hordaland” for 11.august -Venstre vil aldri godta at akuttberedskapen vert fjerna frå ein stad som Voss-. Venstre ser også samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus om ymse spesialistfunksjonar som ein modell som burde nyttast fleire stader i landet. Terje Breivik avsluttar intervjuet med; – Lokalsjukehus som det på Voss er kort sagt avgjerande for det Noreg me ynskjer å ha.

Venstre er difor ein garantist for framleis satsing på Voss sjukehus!

 

Voss, 25.08.15

Beste helsing

Jorunn Ytrefjord, ordførarkandidat

Torstein Gunnarson, fylkestingskandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**