Ferjesituasjonen i sambanda Askvoll-Fure-Gjervik og Askvoll-Fure-Værlandet

Gunnar Osland , Fotograf Vidar Helle

Askvoll Venstre vil med dette be om at kommunen kallar inn til eit møte vedrørande situasjonen som oppsto i desse sambanda som ein konsekvens av at ferja i sambandet Måløy – Oldeidet fekk tekniske problem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Vi ser føre oss at deltakane i eit slikt møte må koma både frå brukarane av ferjesambanda, Askvoll kommune, Fjord1 og Statens vegvesen.

 

Dei endringane som Fjord1 gjorde, utan informasjon til brukarane, fekk store konsekvensar for brukarane på ein måte som vi ikkje kan akseptere. Hensikten med eit slikt møte må vera og diskutera korleis ein kan unngå slike hendingar i framtida, og utforme ei løysing som kan fungere som ei kriseløysing. Fjord1 si løysing gjorde ikkje dette. Gitt den tekniske og aldersmessige standarden på Fjord1 sitt materiell er det ikkje eit spørsmål om viss men når det neste problemet oppstår.

 

Vi vonar at Ordføraren ser like alvorleg på saka som oss, og set i gang prosessen med å kalle inn til eit slikt møte snarast mogleg.

 

 

Askvoll Venstre

Gunnar Osland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**