Gloppen treng Ragnar

Gloppen Venstre

Gloppen kommunestyre treng Ragnar Eimhjellen, skriv Bernt Kristian Holtan i dette innlegget.

Eit kommuneval er på mange vis eit val av personar til viktige posisjonar i kommunen. I dei fleste viktige saker er det nok lite som skil partia frå kvarandre. Alle seier i valprogramma at dei vil det beste for innbyggjarane i kommunen. Men det som skil partia og ikkje minst kandidatane er evna til å gjennomføre sakene dei går inn for. Nokre av kandidatane har meir røynsle og handlekraft enn andre og blir viktige når unge og urøynde skal prøve seg med nye idear og innspel. Ragnar er ein slik tungvektar som trengst når ein skal stake ut kursen og sigle gjennom ureint farvatn.

Det er nok mange som veit kor dyktig Ragnar Eimhjellen er med si lange og allsidige røynsle frå offentleg liv. Han har lang røynsle frå kommunestyre og formannskap og ulike kommunale nemnder.Allereide i 1975 debuterte han i kommunestyret. Ragnar har også brei røynsle frå fylkesting og ulike fylkeskommunale utval og har også hatt viktige posisjonar i Venstre, også nasjonalt. Han har lang leiarerfaring som rektor og pedagog på Firda vidaregåande skule og administrativt arbeid på skulesekttoren i fylkeskommunen. Ragnar har derfor også eit stort nettverk å spele på når saker skal løftast fram som store samferdselssaker for kommunen.

Ragnar har i mange år engasjert seg i friidretten som aktiv utøvar, trenar, leiar for GFIL og leiande styreverv i Norges Friidrettsforbund. Ragnar har og vore aktiv i målrørsla og er ein ivrig og habil songar i Austrheim Mannskor.

Viktig er det også at ein kommunepolitikar kjenner sin eigen kommune godt. Ragnar har røter frå Eimhjellen i Hyen, har budd på Sørstranda og no på Sandane.

Eg kjenner godt Ragnar sine sterke sider som lokalpolitikar gjennom samarbeid i mange, mange år i kommunestyre og parti. Ragnar set seg grundig inn i sakene og har evne til å trekke opp dei store linene og tenke langsiktig. Han er engasjert og engasjerande å samarbeide med og er uredd når det stormar. Ragnar har lært at det viktigaste for ein kommune er å ha orden på økonomien og å prioritere det som er viktigast når økonomien er stram: barn, undom og eldre.

Det som imponerer meg mest med Ragnar ved dette valet er at han har engasjement til å gå på ein ny 4årsperiode etter å ha vore med så lenge i styre og stell. Han er eit lysande døme på aktive eldre som framleis vil bidra til fellesskapen. Han har framleis gløden og engasjementet til å vere med å skape det gode og grøne framtidssamfunnet Gloppen. Ragnar er i ferd med å setje ein rekord som skal bli vanskeleg å slå. Jamaldringar og ungdom kan trygt stemme Ragnar og Venstre ved dette valet.

Vi treng framleis Ragnar i Gloppen kommunestyre. Godt val!

Bernt Kr. Holtan

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**