Venstre og landbrukspolitikken

Foto: Gloppen Venstre

Norsk landbruk er viktig for busetting i heile landet, biologisk mangfald, kulturlandskap og matproduksjon. For Venstre er det avgjerande at landbrukspolitikken sikrar at matproduksjonen er trygg, miljøvennleg og bærekraftig. Jordvern er ein føresetnad for framtidig matproduksjon, og skal Noreg nå måla om auka matproduksjon i landet, må jordvern stå sentralt i arealplanlegginga.

Venstre meiner at gründermentalitet og nyskaping må få ein større plass innan landbruket. Bonden er og skal vere ein sjølvstendig næringsdrivande med eit spesielt forvaltaransvar, og gjennom å stimulere til kreativitet og nyskapande løysingar, vil dynamikken i landbruket få større spelerom. På denne måten skaper vi også rom for vekst i distrikts-Noreg. Dessverre ser vi lite til tiltak som sikrar eit nyskapande og levedyktig landbruk i heile landet frå noverande regjering, snarare kan regjeringa sin landbrukspolitikk opplevast som målretta avfolking av distrikta.Dette vil Venstre motverke, og Venstre er på kollisjonskurs med regjeringa i sentrale deler av landbrukspolitikken og distriktspolitikken. Venstre er ikkje noko «haleheng» til regjeringa slik det har blitt framstilt, det nok å nemne sak om ostetollen og jordbruksoppgjeret i fjor.

Venstre ønskjer eit meir mangfaldig landbruk. Vi meiner kommunane må få større fridom til å sjå landbrukspolitikken i samanheng med annan næringspolitikk. Venstre ønskjer ein full gjennomgang av regelverket med sikte på ei kraftig modernisering – færre skjema, enklare retningslinjer. Det bør først og fremst vere lyst og engasjement til å drive gardsbruk som er drivande for om ein ønskjer å overta ein landbrukseigedom – ikkje buplikt og arv! Venstre ønskjer å begrense den statlege buplikta og prisreguleringa for landbrukseigedomar. I staden vil vi at kommunane skal ha stor grad av fleksibilitet i å fastsetje eigne grenser for buplikt innanfor eit nasjonalt regelverk.

Venstre vil oppretthalde dei samla overføringane til landbruket på om lag same nivå som tidlegare, men endre innretninga mot meir miljøtilpassa og produksjons-nøytrale tilskotsordningar. Vi ønskjer også å vidareføre jordbruksforhandlingane, men då som ein reindyrka inntekts-avtale mellom bøndene og staten. Alle andre tilskot og ordningar som ikkje gir direkte inntektsverknad for bonden bør overførast til ordinære postar på statsbudsjettet.

For Venstre handlar distriktspolitikk om å legge til rette for at alle skal ha høve til å bruke sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet. Skal vi få det til, må vi ha ein god verdiskapingspolitikk, og Venstre meiner det er mykje god næring i god mat. Lokal produksjon av mat og drikke vil vere viktig for landbruket i framtida, for reiselivsnæringa og ikkje minst for levande og aktive bygdesamfunn. Det ligg eit stort potensiale i vidareforedling og bearbeiding av landbruksprodukt. Venstre støttar ei liberalisering av regelverket for foredling av mat og drikke på eigen gard. Det handlar om å rydde opp i unødvendig regelverk og detaljstyring som hindrar kreativitet, gründerverksemd og lønsemd. Her ligg det særleg godt til rette i Gloppen. Landbruket er og bør framleis vere ei stor næring i Gloppen, fordi vi her har naturlege føresetnader for å drive landbruk. Mjølke-produksjonen står pr. i dag sterkast og omsettinga totalt i mjølke-produksjonen i Gloppen ligg i nærleiken av 65 mill. kr. årleg. I tillegg kjem eit mangfald av produksjonar innan kjøt (sau, geit, storfé, svin), egg, frukt, bær og grønsakproduksjon. Ein må heller ikkje gløyme verdiskapinga ved utnytting av utmarksressursane gjennom jakt og fiske.

Endeleg vil eg peike på kor viktig kraftproduksjonen frå småkraftverka er for grunneigarane, bygdene våre og kommunen. Vi har i dag i drift ca. 20 grunneigar-eigde småkraftverk på tilsaman omlag 250 Gwh. Sjølv med dei låge kraftprisane vi no opplever, vil dess småkrfatverka ha ei årleg brutto omsetting på omlag 50 mill. kr. I tillegg kjem verdien av el-sertifikat. Nokre av småkraftverka våre er med i denne ordninga no, men frå nyttår vert dei fleste av dei private småkraftverka inkludert i denne ordninga. Venstre var med å få dette på plass i samarbeid med regjeringspartia. Kraftproduksjon frå småkraftproduksjon gir eit nødvendig økonomisk tilskot til mange gardbrukarar som gjer det mogeleg med nyinvesteringar og satsing på gardsdrift framover. Utan desse inntektene ville truleg fleire gardsbruk gått ut av drift.

Med offensiv haldning og tilrettelegging frå politisk hald og vilje til nyskaping og produktutvikling frå næringa sjølv, har eg tru på ei livskraftig og mangfaldig landbruksnæring i Gloppen i framtida!

Ragnar Eimhjellen

Ordførarkand. for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**