Venstre med kvinnefleirtal

Sara Sægrov Ruud

Arendal Venstre og Trine i ramme Det er for få kvinner i kommunestyra, melder NRK i dag, og det har både NRK og alle andre som har sagt det sidan Venstremannen Viggo Ullmann som den første reiste kravet om stemmerett for kvinner i Stortinget på 1880-talet. Han fekk god støtte av Bjørnstjerne Bjørnson, ein av Venstres store folketalarar i fleire tiår. La oss sjå på listene i Arendal, der det både handlar om å få fleire kvinner med, og å få så mange som mogleg på listene for å utvide demokratiet. Jo fleire som står på lista til eit parti, jo sterkare signal er det både om innsatsvilje frå partiet og ei bevisst haldning til å få fleire med i folkestyret

Venstre har 24 kvinner og 21 menn, tilsaman 45 kandidatar. tre av fem kumulerte er kvinner.
Senterpartiet har 20 kvinner og 18 menn, tilsaman 38 kandidatar (kvinne på topp)
Arbeidarpartiet har 17 kvinner og 17 menn, tilsaman 34 kandidatar.
Frp har 12 kvinner og 22 menn, tilsaman 34 kandidatar. (Kandidat 2-4 er kvinner)
Høgre har 12 kvinner og 19 menn, tilsaman 31 kandidatar. Berre ei av dei fire kumulerte er kvinne.
Sosialistisk Venstreparti har 13 kvinner og 13 menn, tilsaman 26 kandidatar.
Kristeleg folkeparti har 8 kvinner og 8 menn, tilsaman 16 kandidatar.
Pensjonistpartiet har 6 kvinner og 10 menn, tilsaman 16 kandidatar.
MIljøpartiet de Grønne har 8 kvinner og 7 menn, tilsaman 15 kandidatar. Kvinne på topp.
De Kristne har 7 kvinner og 8 menn, tilsaman 15 kandidatar.
Rødt har 4 kvinner og 10 menn, tilsaman 14 kandidatar.
La oss arbeide for at vi får atskillig fleire kvinner i det nye kommunestyret i Arenda. På venstrelista er det kvinner på 2.,3. og 5. plass (dei tre er kumulerte) og så igjen på 6.-7., 9. og 11. plass. Ordførar Pål Koren Pedersen fortener å få med seg eit meir likestilt kommunestyre enn i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**