Eigedomsskatt

Foto: Google

Eiendomsskatt Regjeringa har ute på høyring forslag om å unnta produksjonsutstyr og installasjonar frå eigedomsskattegrunnlaget til verk og bruk, eller eventuelt å fjerna verk og bruk som eiga kategori i eigedomsskatten.

At ei slik omleggjing vil ha innverknad på dei kommunale inntektene er ei side av saka, men det viktigaste spørsmålet er kanskje; kva med næringsutviklinga i kommunane? Kvifor skal dei folkevalde leggja til rette for næringsareal? Og kvifor skal Suldal stilla til disposisjon areal for kraftmaster – til linjer som går ut av kommunen og som styrkjer storsamfunnet, om me ikkje skal få noko att for det?

Insitamentet for eit aktivt næringsliv er både skatt på sjølve verksemda og dei tilsette. Men både tilsette og næringsinntekter kan flyttast ut av kommunane. Igjen står ein då med dei faste installasjonar – og om desse då ikkje skal skattleggjast, vert dette sers urimeleg.

Venstre vil, både lokalt og sentralt, gå imot denne omleggjinga og me vil vidareføra regelverket på eigedomskatt slik som det er i dag. Då tryggjer ein best mogleg næringspolitikk som gagnar næringslivet og kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**