Torgallmenningen i Førde

Åge Avedal

Kan vi skape eit sentrumsområde midt i Førde med like gode kvalitetar som Torgallmenningen i Bergen? Ja. Om politikarar, næringslivet og kommunen saman vågar å satse og gjere spenstige val, kan vi utvikle ein Torgallmenning midt i Førde sentrum. (Av Åge Avedal, listekandidat i Førde Venstre til kommunevalet)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Er du ein av dei som har sett bilete frå Bergen i “gamle dagar” der storstova Torgallmenningen var ein stor parkeringsplass? Ganske uverkeleg samanlikna med dagens pulserande allmenning. Ein slik allmenning kan vi også skape i Førde, mellom Elvetorget og Handelshuset.

Sjå føre deg ein stor open plass utan bilar, med brustein, store grøntareal og yrande folkeliv. Med butikkar og kafear på gateplan. Kanskje med ein eller fleire utekafear i midten? Kanskje med ei scene med tak over og eit lite amfi? Eller ein leikeplass med disser, sklier, klatreveggar og anna moro? Frå torgscena strøymer levande musikk eller kjappe replikkar frå ein komikar. Om vinteren eller i haustregnet kan vi trekke under tak på fortauskafeane med varm sjokolade i koppen og eit teppe om kroppen.

Tenk om vi kunne sleppe billarmen frå Riksveg 5 og ikkje måtte å springe over på grøn mann frå det eine handelshuset til det andre? Tenk om parkeringsplassen framfor Elvetorget var grønt gras, busker og tre? Og om Riksveg 5 var belagt med brustein? Og midt i lyskrysset stod Førde sin in-plass, med servering av både mat, drikke og kultur.

Førde sentrum har vore gjennom ei vellukka sentrumsutvikling dei seinare åra med fleire nye attraktaktive byområde, langs elva, på Festplassen og i tilknyting til kjøpesentra. Med storsentra på Brulandsvellene rett rundt hjørnet treng vi ei vidare satsing på Førde sentrum! Konkurransen om kundane blir ytterlegare skjerpa, og då må næringslivet i sentrum finne andre ting å lokke med enn stort, kjapt og billig. Skapar ein opplevingar og folkeliv i sentrum skapar ein også handel.

Førdepakken er vedteken med nye bruer, nye vegar, gang- og sykkelvegar. Kan politikarane saman med næringslivet også få realisert ein ny sentrumspakke? Eg veit at Venstre ivrar for ein heilskapleg sentrumsplan, for dei mjuke trafikantane og for dei grøne lungene i Førde. Arbeidet med å vende Førde mot elva er godt i gang, og målet må vere eit grønt belte for gåande og syklande heile vegen fram til fjorden. Samtidig må vi jobbe mykje meir med å gjere dei andre sentrumsareala meir forlokkande. Går kommunen, politikarane og handelsstanden i lag treng ikkje ein torgallmenning midt i Førde sentrum vere så langt unna.

Kva vil du med Førde sentrum? Butikkdød i eit eksosgrått miljø? Eller kultur og folkeliv i ein grøn bykjerne?

Lesarinnlegget blei publisert i avisa Firda 8. september 2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**