Vi på Voss må gjera noko meir i flyktningekrisa

Foto: Frédéric Larsen

Ope brev frå Voss Venstre til formannskapet, sendt måndag 7. september.

Flyktningekrisa blir stadig verre. Også Noreg bør ta eit langt større ansvar enn det Storting tidlegare har vedtatt å gjera. Ein nasjonal dugnad bør ikkje berre vera noko andre land, f.eks. Tyskland, legg opp til. Kommunane bør seia frå om at vi vil delta.

På vegne av Venstre vil vi derfor be om saka blir sett opp for drøfting i formannskapsmøtet torsdag 10. sept.. Korleis er situasjonen i Voss ut frå tidlegare vedtak? Korleis er mulighetene til å ta mot fleire – i den akuttsituasjonen flyktningane og Europa er oppe i? Leiar av flyktningkontoret må orientera i møtet.

Kan Voss seia ja til fleire – og oppfordra andre kommunar til å gjera det same. Vi treng ein nasjonal dugnad!

Voss kommune bør oppfordra til at TV-aksjonen i haust må gjelda flyktningane – i staden for Regnskogfondet!

Beste helsing

Torstein Gunnarson og Jorunn Ytrefjord

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**