Takk for di stemme

Ordførarkandidat Gunnar Osland , Fotograf Vidar Helle

Først vil eg få takke alle som stemte på Venstre! Og takk til kandidatar og medlemmer for ein fantastisk innsats i vakampen! Etter at valresultatet var eit faktum måndagskveld var nok mange av oss noko skuffa, men alt i alt så skal vi vere fornøgde i eige lokallag. Askvoll Venstre sitt valresultat på 23% er nestbest i både i Askvoll og på fylke. Sogn og Fjordane er også det fylket som har best resultat på landsbasis når det gjeld valresultat. Så vi har alle god grunn til å vere stolte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Askvoll Venstre fekk i forhandldingane varaordføraren og plass i formannskapet. Alle parti har saman forma felles liste til Formannskapet. Eg skal love å stå på for det beste for Askvoll kommune og Venstre.

Når møteprotokollen frå valstyret i kommunen er klart vil vi legge ut kven som er valde som representantar og vararekkefølgje.

Takk igjen til alle saman.

 

Med beste helsing

Gunnar Osland, varaordførar

 


**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**