Fleirtal for Venstre sitt forslag

Surnadal kommune

tommel-opp Saka om Suldal viltnemnd – arbeidsoppgåver og framtidig organisering, vart lagt fram for det nye kommunestyret torsdag 1.oktober.
Rådmannen sin innstilling gjekk ut på at viltnemnda som underutval til LMT-utvalet vart lagt ned, og at LMT-utvalet overtok ansvaret direkte. Venstre deler rådmannen sitt syn og meiner også at viltsaker bør leggjast direkte under LMT, som skal handsame alle saker som dreier seg om landbruk, miljø og teknisk. Viltforvaltaren i kommunen lyt få nok tid til å greia ut saker til LMT, slik at medlemmene der kan gjera eit godt fagleg vedtak. Ordninga med viltnemnd har fungert på ein måte som ikkje har gjeve god nok innsikt for dei folkevalde, medlemmer i viltnemnda har utført oppgåver som administrasjonen skal gjera, og det har mangla ein normal, politisk saksgang.

Rådmannen sin innstilling:

  1. Suldal kommune avviklar ordninga med viltnemnd frå og med komande valperiode. Ansvaret for viltarbeidet vert lagt til utval for Landbruk – miljø og teknikk.
  2. Det vert etablert ei ordning med kontaktpersonar for ettersøk/avvliving i samband med fallvilt (påkøyrsel) i dei ulike delane av kommunen.

Venstre sitt alternative forslag gjaldt mindre endringar i punkt 2, der hovudpoenget med endringa, er å gjera det enklare for folk å kontakte viltnemnda i samband med fallvilt.

Forslaget vårt i pkt.2;
2. Det vert etablert ei ordning for ettersøk/avvliving i samband med fallvilt, gjerne i samarbeid med sporhundsentralen.

Forslaget vart vedteke mot Senterpartiet og Høgre sine stemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**