To i Bystyret

Jan Taule, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal
Jan Taule, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal

Valresultatet frå kommunevalet 2015 gav Førde Venstre to faste representantar i Førde bystyre, Jan Taule og Gunn Merete Paulsen. Åge Avedal er 1. vara til bystyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre samarbeider i den komande perioden med KrF, Sp og Høgre, der Olve Grotle frå Høgre, er ordførar og Bjørn Harald Haugsvær frå KrF er varaordførar. SP får to i formannskapet, Høgre, KrF og Venstre får ein kvar.

Etter konstituerande møte i bystyret 1. oktober vart Jan Taule takka av som varaordførar. Ordføraren framheva særleg det gode samarbeidet dei har hatt i desse fire åra. Jan held fram i formannskap og planutval, Gunn Merete Paulsen går inn i levekårskomiteen og klageutvalet. Åge Avedal er fyrste vara til Bystyret og var også med på det konstituerande møtet.

Gruppa gledar seg til fire år med full innsats til det beste for innbyggjarane i Førde!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**