Innbyggjarundersøking eller folkeavrøysting –Ja takk, begge delar!

Ordførarkandidat Kristian Stråmyr., Malin Storholt

I debatten kring den komande kommunereforma er det enkelte som sett gjennomføring av innbyggjarundersøking og folkeavrøysting oppimot kvarandre. Dette meiner eg er svært uheldig sidan dei to ikkje er reine motsetnadar. Snarare tvert imot utfyller dei kvarandre. Medan ei innbyggjarundersøking er eit godt verkty under prosessen for å kartlegge meiningane til eit representativt utval innbyggjarar i kommunen, tilfører ei folkeavrøysting legitimitet til den endelege avgjersla i sluttfasen. Samla sett gir dei begge politikarane betre moglegheit til å ta omsyn til innbyggjarane sine ynskjer.

Eg meiner vi skal gjennomføre ei rådgjevande folkeavrøysting når vi har konkrete forslag å presentere. Ein av grunnane til dette er å gje alle innbyggjarane moglegheita til å påverke prosessen, ikkje berre eit utval på mellom 100-500 personar. Vi kan ikkje kalle dette for ei «demokratireform» utan å spørje til råds innbyggjarane! At alle får tilstrekkeleg informasjon i forkant av røystgjevinga er sjølvsagt ein sentral føresetnad, men dette er ikkje berre politikarane og kommuneadministrasjonen sitt ansvar å syte for. Det er òg eit ansvar for organisasjonar og enkeltpersonar i lokalsamfunnet.

Haram Venstre vil at den nedre røysterettsalderen ved ei eventuell folkeavrøysting vert sett til det året ein fyller 16. Dette fordi det er dei unge som skal verte buande lengst i den nye kommunen. Det er eit av føremåla for reforma å stogge utflytting hjå denne delen av befolkninga så for min del er det innlysande at dei òg skal få eit ord med i laget.

Kostnaden med å gjennomføre begge delar må nok takast med i vurderinga, men når vi ser på tidsperspektivet reforma er førespegla å vare vert det nok ikkje dei heilt store summane det er snakk om. Uansett er det aller viktigaste at vi gjer ting på ein skikkeleg måte når det først skal gjerast.

Kristian Stråmyr

Kommunestyrerepresentant, Haram Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**