Ja til skuleinternat

Uttalelse fra Telemark Venstres årsmøte 13.02.2016:

Ja til skuleinternat

Telemark Venstre fryktar for eksistensen til internatskulane om Skatteetaten krev tilbakebetaling av MVA for eit tidsrom på inntil 10 år.

Det er viktig å oppretthalde mangfaldet av skuletilbudet i Noreg. Skatteetaten har i årevis gjeve MVA-kompensasjon for bygging og drift av internat. Konsekvensen av eit eventuelt tilbakeverkande krav på MVA vil vere nedlegging av internatavdelinger og konkurs av ein del friskular. Å bu på internat gjev dessutan elevane betre moglegheit til å oppleve eit støttande og positivt miljø enn om elevane på 16 eller 17 år skal bu åleine på hybel.

Som døme vil konkurs / nedlegging av Kvitsund Gymnas få store konsekvenser for heile Vest-Telemark. Det er nær 40 årsverk ved denne skulen. Dette vil ha store konsekvensar for fleire enn 40 familiar som har stor samfunnsmessig verdi for næringslivet, barnehagane, skulane og helsetilbodet i kommunen, og Vest-Telemark som region er knytt til institusjonen. Situasjonen er tilsvarande for dei andre vertskommunane til internatskoler i distrikts-Noreg.

Telemark Venstre ber difor Skatteetaten gje avkall på tilbakeverkande MVA-krav, og samstundes blir Stortinget oppfordra til å endre regelverket slik at friskular får kompensert MVA-kostnader knytt til bygging og drift av internat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**