Regjeringa seier ja til Atløysambandet!

Atløy, Foto: Linda Ness Rotihaug

Det er ein stor dag for Askvoll Venstre som har jobba i årevis for at Atløysambandet kan verte realisert gjennom ferjeavløysingsmidlar. Dette har regjeringa bestemt. Sogn og Fjordane får behalde dei pengane som ville gått til ferje, så kan fylket bruke dei frigjorde midlane til ei bru.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Gunhild Berge Stang og Gunnar Osland
Fylkesleiar Gunhild Berge Stang og lokallagsleiar Gunnar Osland har jobba lenge med at Atløysambandet kan verte realisert gjennom ferjeavløysingsmidlar.

Det blir no opp til fylkeskommunen å ta prosjektet vidare, men ferjeavløysingsmidlar er ei viktig brikke for å få dette til. Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner seier det no blir opp til fylkeskommunen å ta prosjektet vidare, men ferjeavløysingsmidlar er ei viktig brikke for å få dette til.

 

Gunnar Osland har visst om gladnyheita nokre dagar, og Stortingsrepresentant Andre Skjelstad og regjeringa legg ikkje skjul på at lokallaget sin innsats gjennom mange år har hatt stor betyding. Det same har Sanner uttalt seg. – Lokallaga til Askvoll Venstre og Askvoll Høgre har jobba godt og målretta, og lagt til rette med god og nytting informasjon til stortingspolitikarar. Fylkeslaga har også jobba godt med at ferjeavløysingsmidlar kan nyttast til realiseringa!

 

Askvoll Venstre vil takke alle stortingsrepresentantane frå Venstre som har vore på besøk i Askvoll for å høyre om Atløysambandet og bruk av ferjeavløysingsmidar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**