Unik sjanse til å visa eldre den respekt dei fortener

Foto: Colourbox.com

Det er med stor glede me les i «Hordaland» 29.september at leiar for Utval for levekår gir så klar uttale i høve den viktige saka som omhandlar matleveransar til sjukeheimane på Voss.

Då denne saka vart politisk handsama forrige gong kom Venstre og Krf med forslag om å oppretta eit lokalt institusjonkjøkken på Voss som kunne levera god kvalitetsmat til våre eldre og andre som hadde behov for det.

Då samarbeidsavtalen om matlevering frå kjøkkenet ved Voss Sjukehus vart sagt opp, var det med bakgrunn i at det var for dyrt.

Etter reglementet vart det så utlysing etter alternative tilbydarar, og i det høve støtta Voss Kommune seg på uttale frå ernæringsfysiolog om at ein kunne gå god for « kok/kjølprodusert mat» .

Det var berre 1 tilbydar som sjølvsagt fekk avtale med Voss kommune, og som kjent har resultert i langvarig misnøye både frå bebuarar og pårørande.

I argumentasjonsrekkja frå Venstre og KrF låg det inne miljørekneskap som transport og avfallshandtering, tap av arbeidsplasssar og skatteinntekter i Voss kommune – i tillegg til det aller viktigaste : dei eldre sin trivnad og ernæringsbehov. Mat er ikkje berre føde-det har også eit sanseleg perspektiv som både lukt og syn! Det fortener dei eldre så absolutt – måltida veit me for mange er eit høgdepunkt i kvardagen.

Det var etter vår oppfatning lagt for stor vekt på økonomi knytt til dette, og frå det politiske fleirtalet har det ved fleire høve kome signal som kunne tyda på at dei gjerne ville forlenga avtalen for 5 nye år.

Det er opplyst at Voss Kommune årleg sparer 2 millionar på denne avtalen. Ved fleire høve har det frå opposisjonen vore etterlyst detaljar om totalrekneskapen , men i og med det er sektoroveskridande ført, har dette ikkje leta seg gjera. Me lurar på om rekneskapen inneheld kostnader som f.eks. avfallshandtering , tidsbruk ved oppvarming og utpakking av plastemballasje, ombygging av kjøkken på institusjon , tap av skatteinntekter o.l. Ein har kunna lesa seg til i årsmelding frå teknisk etat frå 2014 at avfallshandteringa kan dreia seg om ein betydeleg sum pr år.

Ein oversikt som berre omhandlar detaljrekneskapen har ikkje vorte presentert – korkje ved direkte spørsmål eller ved interpellasjonar.

At no det politiske fleirtalet uttalar at dei ikkje automatisk vil fornya denne avtalen er såleis svært gledeleg, og Voss kommune har no ein unik sjanse til å visa dei eldre den respekt dei fortener i denne saka.

Venstre og Krf er glade for at innspelet vårt frå forrige valperiode no kan sjå ut til å verta ein realitet.

Jorunn Ytrefjord, Voss Venstre og Arne Mosefinn, Voss KrF

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**