– Vi må sjå framover

Alfred Bjørlo , Fotograf Vidar Helle

Alfred Bjørlo sitt innlegg i generell politisk debatt i Fylkestinget 6/12-16.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Fylkesordførar, takk for ei god tale.
Det er rett som du seier at 2016 har vore eit år der det har blåse harde vindar over verda. Brexit. Presidentvalet i USA. Italia.

Kva handlar det om? Det er eigentleg ganske enkelt. Det handlar om jobb. At mange i USA og Europa – og andre stader – ikkje lenger kjenner tryggleik for ein jobb som kan forsørge familien og gi tru på framtida.

Den usikkerheten rir mange om dagen. Også i Noreg. Ikkje leve i vår “boble” i Sogn og Fjordane. Tru at vi fordi VI synst det går bra, så er det bra for alle.

Men det som ER interessant, er at Sogn og Fjordane kan vise ein veg ut av det. Her er Størst vekst på Vestlandet i 2016. Låg arbeidsløyse. Her er vekst i næringslivet – og optimisme.

OECD 2012 – Promoting growth in all regions. Kva kjenneteiknar regionar som veks?

• Utdanningsnivå (”For all types of regions, human capital appears to be critical”)
• Høg deltaking i arbeidslivet
• Kultur for samhandling og innovasjon på tvers
• Oppbygging av kunnskapsintensive næringar
• Infrastruktur? Uklare funn.
• Og så OBS – Vekst i ”rurale regionar” står for nesten halvparten av veksten i OECD – i perioden 1995-2010!

Med andre ord: Vi treng ikkje stå med hua i handa i ein ny Vestlands-region! Og finst det eit godt tidspunkt for SFj å gå inn i ein vestlandsregion på, så er det no!

Fordi vi dei siste 20 åra ikkje har gjort oss like olje-avhengige som Vestlandet elles. Vi har beholdt mangfaldige industrimiljø – i bransjar som no kan stå føre ein ny gullalder.
Og eit ganske tett samspel mellom bedrifter, leverandører, FoU-miljø og bransjeforeningar, kommuner og innovasjonsmiljø.

Det ligg enorme moglegheiter for Sogn og Fjordane i det grøne skiftet som no er i gang. For skogbruket, landbruket, fiskeria, den kraftkrevande industrien, reiselivet.

Då må vi ha tydeleg retning på den nasjonale politikken: I grøn retning – og med satsing på innovasjon, teknologi og utdanning. Det er ikkje tilfeldig at Venstre sine store kampsaker denne hausten ikkje berre har vore klima og miljø, men har vore fleire lærarar i barneskulen, auka lærlingetilskot, satsing på breiband, meir risikokapital til næringslivet.

For min del må Liv Signe Navarsete gjerne bruke også dei siste dagane i 2016 til å posere framfor dieselpumper og gå i fakkeltog for fylkeskommunen.

Men vi andre må sjå framover.

 

Alfred Bjørlo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**