Årsmelding for Haram Venstre 2016

Hege Melkvik, Håvard Urkedal, Nina-Shanett Arntsen, Eili Arntsen, Pål Farstad og Thomas Vadset., Kristian Stråmyr

I meldingsåret har det vore høg aktivitet i laget til å vere eit mellomvalår, blant anna på grunn av folkerøystinga 19. mai. Vi avvikla heile åtte kombinerte gruppe- og styremøter. Dei fleste av møta var i møtelokalet under Best-stasjonen på Vatneeidet, og nokre på Kulturkafeen i Brattvåg.

Årsmøtet var på garden til Thomas Vadset 15. desember 2015, der det vart vedteke ein resolusjon om økonomiarbeidet i kommunen. Den gjekk mellom anna ut på å få ei oversikt over ikkje-lovpålagde oppgåver, noko som fyrst blei nedstemd i budsjetthandsaminga men til slutt vedteke i samband med økonomiplanen etter press frå Venstre og Bygdebladet.

Lokallagsstyret vart konstituert på styremøte 21. januar med denne samansetjinga:

Lokallagsleiar Håvard Urkedal (ny), nestleiar Thomas Vadset, kasserar Hege Melkvik (ny), sekretær Kristian Stråmyr, styremedlem Eili Ånadal Arntsen, UV representant Nina-Shanett Arntsen (ny) og 1. varamedlem Ingrid Standal (ny).

Ole Johan Høyberg takka av etter ein kjempeinnsats som mangeårig lokallagsleiar og gjekk over i ei mentor-rolle for laget.

Vi sette oss som mål ved inngangen av året å auke medlemstalet. Vi har per 01.12.16 16 registrerte medlemmar og 14 som har betalt kontingenten for 2016, og har med det hatt eit uendra medlemstal i høve 2015.

Gruppearbeid

I perioden møtte Kristian Stråmyr i tre formannskap- og planutvals møter og ni kommunestyremøter medan Håvard Urkedal møtte som vara ein gong i kommunestyret. Ole J. Høyberg blei vald inn i ad hoc -komiteen for omsorgstenester og Thomas Vadset møter no som fast representant i kulturutvalet.

Kristian Stråmyr har stilt spørsmål til ordføraren om oppfølging av driveplikt, overgang til nynorsk i vaksenopplæringa, lovfesting av ungdomsråd, utarbeiding av kulturminneplan og om tilhøva for eldre etter nedlegging av Kveldsro Kvileheim i Hamnsund.

Elles stilte Stråmyr ein interpellasjon 22. september om ny idretts- og kulturhall i Søvik, og eit grunngjeve spørsmål 27. oktober til oppfølging av saka. Dette på bakgrunn av at Venstre fekk samrøystes gjennomslag for å sette prosjektet inn i økonomiplanen med 12 millionar kroner over dei neste to åra. I samsvar med våre spørsmål er det no sett ned ei arbeidsgruppe.

Av viktige saker i kommunestyret har vi sikra etablering av ladestasjonar for el-bilar, gjort vedtak om nytt kommunehus i Brattvåg, fått eit ad hoc-utval for rullering av rus- og psykiatriplanen og arbeida med kommunesamanslåing.

I årsbudsjettet for 2017 inngjekk vi eit tverrpolitisk forlik som mellom anna skjerma viktige tenester som grunnskule, barnehage, kultur, helse og omsorg med inndekning i disposisjonsfondet. Og vi var òg med på å sette av meir midlar til gang- og sykkelstigar. Dette kjem godt med ettersom kommunen har starta opp detaljregulering på strekninga Tennfjord barneskule-Vadsetkrysset langs Fv106. Ei sak som Thomas Vadset fekk på dagsorden i 2015.

Delegasjonar med representantar frå Haram Venstre:

-Folkemøte om kommunereform på ID-huset 11. januar: Thomas Vadset, Eili Å. Arntsen, Nina-Shanett Arntsen, Hege Melkvik og Kristian Stråmyr.

-Fylkesårsmøte i Ulsteinvik 13.-14. februar: Kristian Stråmyr og Håvard Urkedal.

-Lokalpolitisk nettverk i Molde 2. april: Kristian Stråmyr og Håvard Urkedal.

-Landsmøte i Tønsberg 15.-17. april: Kristian Stråmyr (M&RV) og Håvard Urkedal (UV).

-Fellesmøte om kommunereform i Skodje 20. mai: Eili Å. Arntsen, Nina-Shanett Arntsen, Thomas Vadset og Kristian Stråmyr.

-Lokalpolitisk nettverk i Kristiansund 24.-25. september: Kristian Stråmyr

-Nominasjonsmøte i Molde 22.-23. oktober: Kristian Stråmyr

Styret i Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**