Gloppen Venstre ønskjer ei avklaring

Bjarte Heggheim vart gjenvald som leiar under Årsmøte i Gloppen Venstre fredag kveld. Med seg i styret har han Vigdis Henden, Olav Fuglestrand, Jan Bjørlo og Peder Lofnes Hauge. Sjur Atle Austrheim kom inn som varamedlem.

Gloppen Venstre finn det utfordrande å drive valkamp framfor Stortingsvalet i 2017 så lenge Venstre er eit støtteparti for ei regjering med deltaking frå Frp. Vi ynskjer framleis eit borgarleg regjeringsalternativ, men ser med stor uro på at Frp si deltaking flyttar maktbalansen i regjeringa vekk frå sentrum og for langt mot høgre. Gloppen venstre ynskjer at partiet klargjer spørsmålet om vidare støtte til ei regjering samansett av H og Frp i god tid før valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**