Årsmøte 2017

Dei tre lokallagsleiarane f.v. Eivind Husabø, Naustdal, Anne Mette Hjelle, Førde, Vigdis Tonning, Jølster, Anne Mette Hjelle

Dei tre lokallagsleiarane f.v. Eivind Husabø, Naustdal, Anne Mette Hjelle, Førde og Vigdis Tonning, Jølster

Årsmøte i Naustdal Venstre vart helde på Vassenden skule den 30. januar. Det sitjande styret vart gjenvalgt. Eivind Husabø vart gjenvalgt som lokallagsleiar.

Hovudsaka på årsmøtet var samanslåing av dei tre lokallaga Førde, Jølster og Naustdal Venstre. Forslaget om samanslåing vart einstemmig vedteke på årsmøtet til Naustdal V. Dei andre lokallaga fatta også positive vedtak på dette og samanslåinga blir eit faktum frå 2018 dersom årsmøta 2018 på nytt vedtek samanslåing. Regelverket er slik at det må fattast vedtak på 2 årsmøter for at samanslåinga skal bli godkjend.

Ut over dette vart vanlege årsmøtesaker handsama.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**