Årsmelding for 2016 frå Sogndal Venstre

Foto: Gaute D. Bøyum

Styret har vore samansett slik:

Leiar: Hans I. Haugen Nestleiar: Maria C. Knagenhjelm

Systemansvarleg: Else Mundal Medlem: Eva Ramstad og Eyvind Øgar

Vara-medlem: Ingun Torstad Løvik, Jo Marius Bøyum og Torbjørn Dale

Økonomiansvarleg har vore Morten Slinde / Hans Haugen.

I 2016 har venstrelaget i Sogndal hatt 6 styremøte og 4 kombinerte styre/medlemsmøte. Dei fleste møta har vore i kantina på kommunehuset. Det har i året som har gått vore 1 sammøte med Luster, Lærdal, Aurland, Leikanger, Vik og Balestrand Venstre. På møta har ein drøfta samhandling, jordbruksskulen i Aurland, Høgskulen i Sogndal og kommunereforma.

Det har også i 2016 kome til nye medlemer. Me ynskjer desse velkomne i Sogndal Venstre. Men det har og gått ut medlem. Betalande medlem er såleis gått noko ned. I 2016 hadde me totalt 27 medlem.

Eva Ramstad er gruppeleiar for kommunestyregruppa til Sogndal Venstre. Saman med Christen Knagenhjelm er ho fast medlem i kommunestyret. 1. vara til kommunestyret er Eyvind Øgar, 2. vara er Merete Holm Wikan, 3. vara er Maria C. Knagenhjelm, 4. vara er Halvor Gregusson og 5. vara er Bjarte Haugen.

I 2016 har Sogndal Venstre vore representert som følgjer:

Eva Ramstad:

  • Medlem i kommunestyret.
  • Medlem i samarbeidsutvalet for Kaupanger Skule.
  • Gruppeleiar Venstre, Vara-medlem i administrasjonsutvalet.
  • Medlem i VOK. Velferd, Oppvekst og kulturutvalet nytt i 2016.
  • Leiar i kommunalt utsmykkingsråd.
  • Vara-medlem i Eldrerådet.

Christen Knagenhjelm:

  • Medlem i kommunestyret
  • Medlem i Formannskapet
  • Medlem i Fellesrådet

Eyvind Øgar :

  • Vara til kommunestyret
  • Vara til Forvaltningsutvalet

Sogndal Venstre sine politiske engasjement og aktivitetar i 2016:

Året som har gått har vore prega av barnevernsaka og eigedomskatt. Styret i Sogndal Venstre saman med kommunestyregruppa var tidleg på bana og bad om meir openheit og informasjon i barnevernsaka. Christen Knagenhjelm har arbeida mykje med denne saka som har vore vanskelig å arbeide med politisk. 24. mai sende Sogndal Venstre brev til kommunen der me krev ei brei og ærlig orientering om tilhøva i Sogn Barnevern. 19. juni var vi på bana att og bad om meir openheit for å finne årsaken til problema i drifta i kommunen. 27. september ber me på nytt ordføraren om ei brei orientering om stoda i Sogn Barnevern.

Arbeid med å få eigedomsskatten meir rettferdig vart teken opp med Egedomskattenemnda og politisk. Venstre var også tidleg ute å klage på saksbehandlingsfeil i denne saka og å få saka fram for kontrollutvalet.

30. mars vart det halde nettverksmøte der Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Leikanger og Sogndal tok del. Torbjørn Dale er på besøk og held foredrag om Sognefjorden Vel og deira arbeid. Det var god dialog rundt bordet og mottoet var at ein skulle spela kvarandre gode på lokal politikk i Sogn.

Sogndal Venstre hadde besøk av Odd Einar Dørum 15. september. Møte vart halde på biblioteket og var ope for alle.

På valkampsamling på Skei 22.-23. oktober møtte Christen Knagenhjelm og Hans Haugen.

28. november var det pub-møte på Sogndal Quality Hotel. Trude Risnes frå Leikanger venstre sto for organiseringa. Tema var Grønt skifte: Det møtte folk frå fleire av laga i Sogn. Gørild Hovland, Terje Laberg, Mari Berdal og Sveinung Rotevatn var innleiarar. Svært kjekt og høyre om mange gode klima- og miljøprosjekt som er under planlegging i Sogn.

Venstres klimasats førte til at Kaupanger Næringspark fekk 300.000,- kr i støtte.

Saker ein arbeidar vidare med i 2017:

  • Ved budsjettarbeidet har Sogndal Venstre hatt fokus på å sette av meir midlar til vegar, kultur, skule og opplæring. Og meir miljøtilpassa parkeringsavgift.
  • Ny organisering av Sogn barnevern.
  • Kommunereforma.
  • Aust-Vest sambandet.
  • Arbeid med områdeplan for Sogndal. Sentrumsbarnehage.
  • Vidareføring av 420 KV linja frå Sogndal til Aurland.
  • Meir forsking på miljøet i Sognefjorden (fjordar).
  • Vidareføring av Fjordstien mot Stedje.
  • Stortingsvalet vil vera fokus dette året, dra fram dei gode Venstre saken.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**