Nettkapasiteten i sentralnettet i Sogn har ein flaskehals

Jon Anders Skau / Agder Energi

Etter 10 år med stopp i all kraftutbygging i fylket er linja Sogndal -Ørskog sett i drift, og kraftutbyggingane er i gang. Det er likevel å merke seg at den største mengda av straumen vert planlagd å bruke på Sør-, Sørvest- og Austlandet. Det er difor med otte ein ser at Statnett ikkje ynskjer og sette i gang forsterkning av 300KV lina Sogndal til Aurland, som var planlagd utbytt til 420KV.

Det er no stort sett samanhengande 420KV nett mellom Midt-Norge og Sør-Norge. Difor er det ikkje tilfredsstillande at ein i område Sogn, som har ein av dei største produksjonane av rein regulerbar kraft får nedsett nettkapasitet sørover.

Mykje av den reine energien ein produserer går vekk i tap i linjenettet. Dersom ein får redusert tapet i linjenettet svarar dette til det ein mengde store og små utbyggingar produserer.

Av tunge straumbrukar som er under arbeid er: Datalagringssentralen i Venesla ( verdens største), Hydro sin miljø/klima aluminiumsfabrikk på Karmøy og Sjøkabel til England. Alt dette er sør for Sognefjorden.

Det må også takast opp til vurdering om Statnett burde vera eit overordna organ for alt nett, slik at det vart meir sams nettleige i heile landet. Det er alt for mange små nettselskap.

Leikanger og Sogndal Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**