Sogndal Venstre ynskjer ny handsaming av parkeringsavgift for El-bil

Foto: PEXELS

Sogndal Venstre vil at saka: “Fritak for parkeringsvgift for el og hydrogebilar” i avgiftshefte ( post 33) vert teken opp til ny handsaming i formannskap og kommunestyre.

Bakgrunnen er:

  1. Det er ikkje forteke vurdering av kva utfall vedtaket som vart gjort 15. desember 16 har for miljø og klimasatsing i Sogndal og regionen.
  2. Næringane fekk ikkje høve til å uttale seg.
  3. Det er ikkje lagt fram noka brukargransking.
  4. Vedtaket gir ei skeiv fordeling av frie parkeringsplassar i Sogndalsområdet.
  5. Vedtaket gjer at ladeplassar vert opptekne av same bil heile dagen.

Forslag til vedtak er: Det er parkeringsavgiftsfritak for el – og hydrogenbilar i 2017. Det vil frå 01.01.2018 vera aktuelt å endre på fritaket.

Forslaget gir meir tid til:

Å lage planar for korleis dei nye parkeringsføreskriftene kan brukast i Sogndal frå 2018. Administrasjonen får høve til å sette seg inn i det nye regelverket, og legge planar for 2018 fram for eigarar av parkeringsanlegg, brukarar og politikarar som skal gjera vedtak. Regionsenteret Sogndal har langt att for å nå målet i klimaplan om 3% El-bilar. Ein må difor forsette med stimulerande tiltak som fritak for parkeringsavgift. Det er trulig meir riktig å ta betalt for ladinga eller ein ser på andre løysingar som gjer det aktuelt å investere i el-bil.

Sogndal kommune disponerer i dag 1682 avgiftsparkeringsplassar. Frå 01. januar 2018 skal minst 6% vera ladeplassar. Den nye forskrifta om vilkårsparkering var på høyring i 2014, og endringane vart klargjort 18. mars 2016, iverksett 25. november 16 og kunngjort 29. november 16. Så det vart knapp tid om ein ikkje var førebudd på at lova kom. Det er vegvesenet som skal handheve lova og det er fristar for innmelding til registeret om godkjende parkeringsområde. På vegvesen.no finn ein korleis vegvesenet tolkar den nye vilkårsparkeringsforskrifta. Som overgangsordning er det nok at det er ein klisterlapp på betalingsautomaten om fritak for el-og hybridbilar seier vegvesnet.

 

Sogndal Venstre v/ styret 02. februar 2017

Eva Ramstad, Christen Knagenhjelm, Eyvind Øgar, Else Mundal og Hans Haugen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**