Samanslåing av Venstre laga i Indre Sunnfjord

F.v. Eivind Husabø i Naustdal Venstre, Anne Mette Hjelle i Førde Venstre og Vigdis Tonning i Jølster Venstre frå årsmøta i lokallaga 30. januar 2017.
F.v. Eivind Husabø i Naustdal Venstre, Anne Mette Hjelle i Førde Venstre og Vigdis Tonning i Jølster Venstre frå årsmøta i lokallaga 30. januar 2017., Foto: Anne Mette Hjelle

Årsmøtet i Naustdal Venstre vedtok 30. januar 2017 å slå seg saman med eit eller fleire av lokallaga i Førde, Jølster og Gaular.

Det vert sett ned ei arbeidsgruppe beståande av lokallagsleiarane og ein person til frå kvart av lokallaga. Arbeidsgruppa sitt mandat er å legge til rette for gjennomføring av samanslåing etter årsmøtet for 2017.

Årsmøtet viser for øvrig til saksutgreiinga når det gjeld det nærare innhaldet i arbeidsgruppa sitt mandat.

«SAKSUTGREIING :

SAMANSLÅING AV VENSTRE SINE LOKALLAG I FØRDE, GAULAR, JØLSTER OG NAUSTDAL

På vegne av lokalagsleiarane i Førde og Jølster har underteikna fått i oppgåve å utgreie samanslåing av dei fire Venstre lokallaga i Indre Sunnfjord: Førde V, Gaular V, Jølster V og Naustdal V.

Bakgrunn

Saka har vore debattert ei tid i tre av lokallaga : Førde, Jølster og Naustdal. Samanslåing av lokallaga har vore eit tema som har vore hyppig debattert lokallagsleiarane mellom. Det har også vore oppe til debatt i medlemsmassen i dei ulike laga på styremøter og medlemsmøter. Det viktigaste argumentet for samanslåing er kommunesamanslåinga som no er vedteken. Vi må starte arbeidet fram i mot å stille ei felles Venstreliste for dei 4 noverande kommunane med tanke på kommunevalet 2019. Andre argument som har vore sentrale i debatten er at vi får eit større fora for å diskutere god Venstre politikk i Indre Sunnfjord. Dette har lokallaga allereie tatt konsekvensen av og saman arrangert det vi no kjenner som «Pils og politikk». Dette er ein aktiv del av strategien mot å bygge ein felles Venstre identitet i den nye kommunen. Vi har også stor tru på eit auka engasjement blant medlemmane i dei ulike lokallaga ved å slå saman laga.

Slik som vi lokallagsleiarane har tolka debatten er tida overmoden for ei samanslåing av lokallaga. Stemninga i den totale medlemsmassen talar for at vi bør gjere dette så snart som mulig. Vi har ikkje lukkast med å få respons frå Gaular Venstre på dette. Vi tenker å invitere dei inn i prosessen med å slå saman lokallaga.

 

Formalitetar i henhold til vedtekter

(henta frå Venstre.no/vedtekter «8. sammenslåing og oppløsning av laget»)

Lokallag kan slå seg sammen med ett eller flere lokallag til én organisasjon ved 2/3-flertall og for øvrig etter nærmere bestemmelser i VHOs vedtekter. Et slikt regionlag må i vedtektene ivareta de organisatoriske løsninger som er nødvendige i forhold til oppgavene knyttet til nominasjon og innlevering av lister til kommunevalg. Bare medlemmer som har stemmerett i den enkelte kommune kan være med å sette sammen listen for denne kommunen.

Forslag om oppløsning av et lag må behandles på årsmøtet. Blir forslaget vedtatt med 2/3 flertall, skal det sendes fylkesstyret til uttalelse. Endelig vedtak om oppløsning av laget må, for å være gyldig, vedtas med 2/3 flertall på neste årsmøte.

Dersom et lag oppløses, skal dets formue, eiendomsrettigheter arkiv o.a. overføres til nærmeste organisasjonsledd. Alle verdier skal stå urørt i 5 år i tilfelle laget blir dannet på nytt. Hvis nytt lag ikke blir dannet, vedtar fylkesstyret hvordan midlene skal anvendes til det de er bestemt for.
Dersom et lag er uvirksomt over mer enn ett år kan fylkeslaget eller Venstres Hovedorganisasjon konstituere nytt styre, eventuelt oppløse laget.

Prosessen mot samanslåing

Førde V, Jølster V og Naustdal V har saka oppe på sine årsmøter den 30.01.17 med forslag til samanslåing av dei tre lokallaga. Gaular V blir invitert inn og kan henge seg på vedtaket dersom dei ynskjer det.

Dersom samanslåing av lokallaga blir vedteke på dei respektive årsmøta må lokallaga drivast på ordinær måte fram til årsmøtet i 2018. Då må saka handsamast på nytt og fusjonen vert gjeldande frå og med årsmøte 2018.

Arbeidsgruppe

I perioden 2017 til 2018 må det setjast ned ein arbeidsgruppe som skal sikre det formelle rundt samanslåingsprosessen. Gruppa må også utarbeide eit forslag til korleis det nye lokallaget skal organiserast (tal styremedlemmer, vedtekter, økonomi, nemnder, utval, organisering av valkamp og liknande).

Det er ein fordel at dei noverande lokallagsleiarane er representerte i denne gruppa. Kvart lokallag bør vere representert med 2 medlemmar i arbeidsgruppa. Ein forventar at arbeidsgruppa tek medlemmane i dei ulike lokallaga med på råd før dei oversender sine forslag til vedtak på årsmøte 2018. Arbeidsgruppa sine konklusjonar, forslag til organisering, vedtekter med meir må også handsamast i styret for kvart lokallag.

Forslaget til endeleg vedtak som skal fremjast på årsmøte 2018 må vere likelydande for alle fusjonerande lokallag. Arbeidsgruppa må også komme med forslag til namn på det nye lokallaget. Forslaget baserar seg på det som har blitt utarbeida i arbeidsgruppa og det må godkjennast i styret for kvart lokallag.

Liste over kandidatar

På årsmøtet i 2018 må kvart lokallag ha utarbeida ei liste over kandidatar som kan stille på val til styret i det nye lokallaget. Lokallaga må også signalisere om dei har kandidatar som ynskjer å stille til ulike verv i det nye laget (leiar, nestleiar, rekneskapsførar, valkampleiar og liknande).

Konstituerande årsmøte i det nye lokallaget må føregå umiddelbart, eller så snart som mulig etter årsmøta til lokallaga som har blitt avvikla. Det vil difor vere ein fordel at ein prøver å samkøyre årsmøtet for 2018 så langt som råd.

Dei respektive lokallagsleiarane har ansvar for å melde vedtak om samanslåing / avvikling av lokallag til Sogn og Fjordane Venstre.

På vegne av lokallaga i Indre Sunnfjord

Eivind Husabø

Lokallagsleiar Naustdal Venstre»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**