Bli med på strandryddedag 6. mai

Laurdag 6. mai er det strandryddedag landet rundt. Mange strender på kysten, i fjordane og i vatn skal ryddast for boss. I Førde inviterer vi i Venstre til rydding av området rundt Indre Øyrane og Løken, og oppmodar førdefolket om å bli med på aksjonen. Oppmøte kl. 11:00 på Øyrane vidaregåande skule.

Det blå matfatet vårt, havet, er i ferd med å drukne i boss. Vi kan løyse problemet, om vi er villige til å ta opp kampen – og om mange nok bidrar.

Plast og boss

Kvart år hamnar fleire millionar tonn boss i verdenshava. I Norge blir det årleg dumpa 34 000 tonn boss berre i Nordsjøen. I tillegg blir det slept ut 8000 tonn mikroplast, altså veldig små plastpartiklar. Sjøen sluker alt. Men plasten blir ikkje vekke. Når plasten først har komme ut i naturen kan den forureinse i hundrevis av år fordi den blir broten ned svært sakte.

Ved norske strender, langs kysten og på havbotnen er det fullt av sneipar, plastflasker, fiskeutstyr, eingangsgrillar, sprøytespissar, posar, tauverk, gamle dekk, flasker, boksar og glasskår. Bosset øydelegg kysten og havbotnen. Millionar av sjødyr, fisk og fuglar døyr kvart år ved at dei set seg fast, kuttar seg opp eller et boss. I Nordsjøen inneheld magane hos 94 prosent av fuglane plast, og over ein fjerdedel av torsken i havnebassenget i Bergen har plast i magen. Sjømat full av plast kan øydelegge Norge sitt rykte som fiskeri- og havnasjon.

Fiskemiddagen blir mindre freistande når vi veit at den kan innehalde mikroplast.

Plukke plast i fjøra

Det er likevel mykje vi kan gjere. Å plukke opp plasten som ligg i fjøra og levere den til gjenvinning er enkelt og effektfullt. I år skal Venstre-folk frå 100 lokallag over heile landet få med seg mange andre frivillige og ta eit tak for å ta vare på havet. Vi skal rydde langs strender, bekkar, vatn og andre plassar der det finst mykje boss. Dette gjer vi som eit ledd i den norske strandryddedagen 6. mai – og vi oppfordrar alle som er engasjert i dette om å bli med på dugnaden dei komande vekene. Vi kan redde havet i lag!

Mot forsøpling av havet

Venstre har dei tre siste åra sørga for at også Stortinget stiller med pengar for å kjempe mot forsøplinga av havet. Vi har kjempa gjennom 35 millionar kroner til opprydding av norske strender, eit prosjekt der fiskarar fiskar etter boss og ei ordning for vrakpant for fritidsbåtar, slik at vi får slutt på at gamle båtar berre blir senka i fjordane. Venstre tok òg initiativ til å forby mikroplast i kosmetikk og fekk gjennomslag for det.

Dette er nødvendige tiltak, men ikkje nok. Norge må ta større grep for å redde havet. I år 2050 vil det vere like mykje plast som fisk i havet om vi ikkje fiksar problemet i åra framover. Og den einaste måten det kan gjerast på er gjennom kunnskap.

Tiltakspakke mot forsøpling

Venstre har derfor laga ei tiltakspakke mot marin forsøpling. Det må forskast meir for å erstatte plast med bioplast som blir brote heilt ned i naturen. Vi treng meir kunnskap om korleis vi reinsar havet for mikroplastbitar. Vi veit at plast blir brote ned til mikropartiklar som blir tatt opp i dyr og plankton. Og vi veit at mykje av mikroplasten i Norge kjem frå bildekk som blir slitne på vegane våre og blir skylt ned i havet og frå tusenvis av kunstgrasbaner rundt omkring med granulat av opphøgde bildekk. Ut frå denne kunnskapen må vi handle og sørge for at utsleppa av mikroplast går ned. Venstre ønskjer eit forbod mot tynne plastposar og styrke utviklinga av resirkulert plast og bioplast. Vi bør også fase ut bruken av gummigranulat i kunstgrasbaner. Det trengst opprydding, førebygging, forskning, auka medvit og internasjonalt samarbeid.

Vi må ta store og små grep

Eit sterkt Venstre på Stortinget er ein garanti for at det blir tatt grep. Men like viktig er det at vi alle saman sluttar å kaste og startar å rydde. Dette vil få bort store mengder boss som elles kan ende opp som mikroplast. Derfor håper vi at flest mogleg folk blir med på årets ryddeaksjon både i Førde og i landet elles og at fleire blir medvitne om at vi må slutte å behandle det blå matfatet vårt som ein gigantisk stor bossfylling.

Beste helsing frå styret i Førde Venstre

  • Anne-Mette Hjelle, leiar
  • Gunn-Merete Paulsen
  • Jan Taule
  • Halvdan Brandtzæg
  • Åge Avedal

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**