Stortingsmann Sveinung Rotevatn på besøk i Sogn

Sveinung vert informert om planane for Kaupus.

8. mai hadde me besøk av Sveinung Rotevatn, som byrja dagen med å dele ut miljøpris i Feios. Etter dette var han med og fekk informasjon om Kaupus, der næringssamskipnaden på Kaupanger arbeidar med å få til eit Vitensenter der. Tor Arne Ness fortalde om planane og korleis de ville gå fram for å få gjennomslag for prosjektet. Vitensenteret på Kaupanger vil vera eit opplevings og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi. Dette vert det første Vitensenteret i Sogn og Fjordane.

Neste post på programmet var orientering frå Vestlandsforskning ved Merete Lunde. Me fekk ein god innføring i korleis bedrifta fekk sine oppdrag og inntekter. Nytt EU-nettverk vil gi meir innovasjon fylket.

Deretter stod den nye Høgskulen på Vestlandet (HVL) på programmet. Her orienterte Rasmus Stokke, Stein Joar Hegland og Gunnar Ytri om kva som kan verta eit problem og om kva som vil vera ei nyvinning med samanslåinga. Dersom alle leiande stillingar vert frå Bergen kunne det verta vanskeligare å nå fram med nyskapande tiltak i Sogndal og Førde. Det positive var at ein no kunne få god oppfølging i alle fag via nettsamarbeid og bruk av utanlandske kjente fordragshaldarar.

Frå orienteringa om HVL

Etter høgskulen bar det på dørbank med Sveinung. Ta kontakt om du vil bli med neste gong! 😀

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**