Vil du vere med på laget?

Olbjørn Kvernberg, Amalie Birkhol, Pål Farstad og Lena Landsverk Sande., Kristian Stråmyr

Valkampen er no godt i gong.

Vanylven Venstre har 2. kandidaten i Møre og Romsdal, og vi har sjansen til å få inn ein kandidat for første gong sidan Sverre Nybø si tid på Stortinget i 1953-1973.

Det er ein stor jobb å drive valkamp, og vi vil gjerne ha fleire med på laget. Kan du tenkje deg å bidra til vår valkamp på nokon måte? Vil du levere ut brosjyrer, stå på stand eller støtte oss gjennom å bli medlem, så set vi stor pris på kvar og ein som blir med på laget. Vil du vere med på laget, så send oss ei melding på Facebook, ta kontakt med Lena Landsverk Sande eller meld deg inn HER.

.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**