Synspunkt: Få fart i bustadbygginga!

Firda melder om boom i bustadbygginga i Førde. Dette er svært gledeleg etter fleire år med for låg aktivitet. Samtidig er både rådmann Ole Jon Østenstad og Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa skeptiske til at det er så mange prosjekt under oppsegling i Førde. Dette er ei uro vi ikkje deler.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Vi har ikkje vore gode nok i Førde på å legge til rette for bustadtomter der folk vil bu dei siste åra, og dette har gått utover folketalsveksten. Skal vi verte den vekstmotoren fylket treng må vi sørge for at det blir bygd fleire hus.

Vi har ei positiv arbeidsplassutvikling i Førde og omegn, men slit med å få folk til å busetje seg på grunn av for lite variert bustadmarknad og for få attraktive tomter. Fordelen vår samanlikna med meir urbane strok, er tilgang på sentrumsnært areal. Det har vi vore for lite flinke til å utnytte. Då blir det viktig å finne ein god balanse mellom jordvern og nye tomteareal. I tida framover må vi legge til rette for både einebustader, rekkehus og leiligheiter. Folk i ulike livsfasar har ulike behov og ønskjer.

Tal over igangsette og fullførde bustader i første halvdel av 2017 frå Statistisk sentralbyrå viser at det er 52 bustader som er fullført og 26 som er igangsett i Førde. Både Eid, Sogndal og Flora har fleire igangsette bustadprosjekt enn Førde. I 2012 og 2013 vart det bygd rundt 100 bustader i Førde årleg, men frå 2014 gjekk talet ned og var halvert i 2015 og 2016. Førde har ikkje har tilbydd nok attraktive tomter og difor har vi hatt svak folketalsutvikling dei siste åra.

Førde kommune er no i gang med å lage ein sentrumsstrategi og skal rullere kommunen sin arealplan. I dette planarbeidet må vi vere meir offensive for å få større bustadvekst. I tillegg må vi sette tomteselskapet i stand til vere eit bustadpolitisk verkemiddel for kommunen. Kommunesamanslåinga i Indre Sunnfjord kan løyse nokre av problema, og vi er nøydd til å sette i gang arbeidet med ein bustadplan for heile den nye kommunen i nærmaste framtid.

For å få vekst må vi tilby fleire attraktive tomter både i grendene, tettstadane og byen i den nye kommunen i Indre Sunnfjord.

Styret i Førde Venstre: Anne Mette Hjelle (leiar), Gunn Merete Paulsen, Jan Taule, Halfdan Brantzæg og Åge Avedal.

(Dette innlegget sto på trykk i Firda 21.10.2017).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**