Har du innspel til valnemnda?

Foto: Venstre
Hordaland Venstre si valnemnd er no i gang med sitt arbeid fram mot fylkesårsmøtet. Dei tek gjerne imot innspel på namn fram til 6. januar.

På fylkesårsmøtet 10. – 11. februar 2018 skal det veljast nytt fylkesstyre i Hordaland Venstre, med varamedlemer, der alle posisjonar i styret er på val.

Det skal óg veljast landsmøteutsendingar.

Ønskjer du å melde di interesse for eit styreverv i Hordaland Venstre, har du innspel på namn til styret eller til lista over landsmøteutsendingar, eller har du anna du ønskjer å melde til valnemnda?

Send ei e-postmelding til fylkessekretæren på [email protected]
innan 6. januar.

Jostein Osnes frå Etne er leiar av nemnda

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**