Venstres dilemma

Styret i Førde Venstre er positive til at Venstre no går i forhandlingar om regjering saman med Høgre og FrP. Det blir ein krevjande prosess og det er resultatet av forhandlingane som avgjer om Venstre går inn i regjering eller ikkje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Mange har vore skeptiske til det valet partileiinga no har teke. Samtidig er det slik at vi som stemte på Venstre ved sist val vil ha mest mogleg venstrepolitikk igjennom. Vi er trygge på at partileiinga vil forvalte dette omsynet på ein god måte i forhandlingane.

For styret i Førde Venstre er det viktig at Venstre også er på lag med Sogn og Fjordane. Vi har gode erfaringar med dei gjennomslaga Venstre har fått dei fire siste åra, også for Sogn og Fjordane. Vi må jobbe for nye gjennomslag i viktige politiske saker innan miljø, distrikt, skule, samferdsle og næringsliv. Mykje går bra i fylket vårt, men som eit typisk distriktsfylke har vi nokre særlege utfordringar. Desse utfordringane trur vil kan bli lettare å løyse med ein regjeringsplattform som er så god for Venstre at vi vel å gå i regjering. Vi er, til liks med mange, spente på kva resultatet av forhandlingane blir.

Det som er sikkert er at med Venstre i regjering, får vi ei regjering med venstrestemmer inn i strategiske diskusjonar og i det daglege politiske arbeidet. Det vil den ha godt av. Samstundes må vi ta innover oss at det blir krevjande å vere ein del av ei mindretalsregjering. Venstre blir det minste av partia i ei eventuell ny blågrøn regjering, og må jobbe hardt for å gje tyngde på borgarleg side inn mot sentrum. Målet må fyrst og fremst vere å dra Høgre mot venstre.

Venstre har allereie lova støtte til ei borgarleg regjering. Vi var tydelege i valkampen på at vi er eit samarbeidsparti på borgarleg side. Når valresultatet vart som det vart, er det også logisk at vi no ser på moglegheiter for eit samarbeid om ei blågrøn regjering. Krf var vårt førsteval, ikkje Frp.

Oppi alt dette er det også grunn til å minne om at det er mange parti på begge sider i det politiske landskapet som samarbeider med Frp for å oppnå politiske resultat. Det er det politikk handlar om – å søke gjennomslag for sakene sine. Det er det Venstre freistar å gjere no.

Venstre er eit raust parti som har stor takhøgde for ulike meiningar, men som er tydelege på kjernesaker og retning. Styret i Førde Venstre håpar dette vil halde fram. Det er slik vi får resultat og gjennomslag.

Styret i Førde Venstre er:

  • Anne Mette Hjelle
  • Åge Avedal
  • Jan Taule
  • Gunn Merete Paulsen
  • Halfdan Brandtzæg

PS. Vil du bli med på laget og påverke politikken både lokalt og nasjonalt? Vi ønsker deg som medlem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**