Biblioteka som møteplass, kunnskaps- og integreringsarena

-Fråsegn frå Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand

I eit digitalt og mangfoldig samfunn spelar biblioteka ei stadig viktigare rolle som møteplass og kunnskapsarena, på tvers av generasjonar og befolkningsgrupper i lokalsamfunna våre. Venstre ser difor svært positivt på at regjeringa og kulturministar Trine Skei Grande vil styrke skule- og folkebiblioteka.

I mange distriktskommunar, som t.d Leikanger, Sogndal og Balestrand, er biblioteka bl.a blitt ein viktig møteplass for inkludering. Vi vil difor jobbe for at regjeringa aktivt styrkar folkebiblioteka si rolle i det varsla inkluderingsløftet, og stimulerer til at nye modellar for drift, kan tilpassast lokale behov og mulegheiter.

Biblioteka bidreg til livslang læring, til å auke den digitale kompetansen i befolkninga, og er ein viktig kultur- og integreringsarena. Fleire stader i landet ser vi at biblioteka tek ei aktiv rolle i lokalsamfunna, der ein får til godt samspel med den frivillige sektoren og på den måten blir ein motor i kulturliv og integreringsarbeid. Også i folkehelsesamanheng spelar biblioteka ei viktig rolle gjennom å førebyggje einsemd, og å vere ein lågterskel-møteplass. Samarbeidet med Seniornett er eit døme på korleis biblioteka i saman med frivillige organisasjonar blir ein læringsarena som bidreg til å fjerne digitale skiljeliner i samfunnet. Også i integreringsarbeid ser ein at biblioteka blir ein arena for språktrening og inkludering. Bl.a i Sogn har vi fleire døme på at kommunane satsar på biblioteka som ei viktig brikke i folkehelse-, utviklings- og integreringsarbeidet.

Det må stimulerast til at biblioteka kan utvikle seg vidare og at ein klarar å utnytte potensialet som ligg i at ein i alle lokalsamfunn har ein lågterskel møteplass. Vi må sikre ein frivillig og fri kulturpolitikk, og stimulere til ulike og nyskapande former for formidling og læring.

Vi støttar difor prioriteringa av biblioteka i den nye regjeringsplattformen. Vi støttar at regjeringa, med Venstre i spissen vil:

  • Styrke den digitale kompetansen i befolkningen, blant annet gjennom digitale veiledningssentre over hele landet
  • Regjeringen vil føre en aktiv litteraturpolitikk og vektlegge behovet for digital omstilling både når det gjelder bokmarkedet og bibliotekene
  • Satse på folke- og skolebibliotekene, blant annet gjennom å styrke arbeidet med digitale plattformer og nye modeller for drift av bibliotekVi vil difor at:
  • Folkebiblioteka også skal få ei sentral rolle som viktig arena for inkludering i regjeringa sitt inkluderingsløft
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**